Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du vere med å utvikle sikkerheitspsykiatri og framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet?
Vi søker ein leiar som evnar å kombinere strategisk utvikling med god drift, og som motiverast av å skape resultat gjennom sterke fagmiljø, forsking, utdanning, samarbeid og kontinuerleg forbetring.
Haukeland universitetssjukehus er i kontinuerleg utvikling. Organisering, ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i takt med framtidige behov og prioriteringar. Divisjon psykisk helsevern har eit eige utviklingsprogram, "Psykisk helsevern for framtida". I dette programmet er det vedteke ein eigen utviklingsplan for Sandvikenområdet, der eit av hovedmåla er å utvikle Sandvikenområdet som eit spesialisert område, med vekt på langtidsrehabilitering, styrka sikkerheitspsykiatri og døgnplassar for pasientar med komplekse og samansette behov.
Klinikken omfattar følgande einingar:
Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri
Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling (LSR)
Lokal sikkerheitspost (LS)
Regional sikkerheitspost (RS)
Seksjon for fengselshelseteneste
Sikkerheitspoliklinikken
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar vil du ha heilskapleg ansvar for:
Strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken i tråd med nasjonale føringar, regional plan og divisjonen si retning
Å sikre fagleg kvalitet, gode pasientforløp og forsvarlege tenester innan eit høgrisikofelt
Personalansvar, rekruttering og kompetansebygging i alle einingar
God intern og ekstern samhandling, særleg med politi, kriminalomsorg, kommunar og andre klinikkar
Å etablere og halde ved lag god informasjonsflyt, føreseielege prosessar og tydelege prioriteringar
Endringsleiing, inkludert å strukturere, forankre og følge opp naudsynte utviklingsprosessar
Økonomi- og resultatstyring
Kvalifikasjonar
Vi søker ein leiar med tydeleg fagleg integritet og strategisk forståing. Du bør ha: Krav:
Høgare relevant utdanning på masternivå eller embetsstudium
Leiingserfaring frå større einingar, helst innan spesialisthelsetenesta
God innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering
Dokumenterte resultat frå endringsarbeid og strategisk utvikling
God rolleforståing og erfaring med samarbeid i komplekse organisasjonar
Ønskeleg:
Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, akuttpsykiatri eller anna relevant høgrisikoverksemd
Kjennskap til samhandling mellom helse, kriminalomsorg, politi og rettsvesen
Erfaring frå arbeid med faglege kvalitets- og styringssystem
Personlege eigenskapar
Vi søker ein leiar som:
Evnar å sjå heilskap og samanhengar i ein kompleks organisasjon
Er trygg i strategiske val og prioriteringar
Har stor gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom andre
Bygger tillit og gode relasjonar internt og eksternt
Kommuniserer tydeleg og samlande
Motiverer, støttar og utviklar leiarar og medarbeidarar
Er utviklingsorientert og framtidsretta
Kombinerer høge ambisjonar med god rolleforståing og samarbeidsevne
Vi legg særleg vekt på at du:
Er ein synleg, trygg og samlande leiar
Har høg integritet og gode samarbeidsevne
Handterer komplekse problemstillingar på ein konstruktiv måte
Evnar å balansere langsiktig utvikling med krav til dagleg drift
Skaper engasjement, retning og felles målforståing
Er robust og kan ta avgjerder i krevande situasjonar
Vi tilbyr
Ei sentral leiarstilling i eit høgt spesialisert fagfelt med stort samfunnsoppdrag
Eit engasjert og kompetent fagmiljø
Moglegheit til å påverke i arbeidet med å forme framtidas tenester innan psykisk helsevern
Moglegheit til å påverke utviklinga av sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Referansenr.: 5206240274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
engasjement
fixed-term engagement
godkjenning
approval / recognition
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
vi søker
we are looking for
ansvar
responsibility
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.