Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify! Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus.
Nevrologisk avdeling har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi eller etter avtale, og vi lyser på same tid ut 3 årsvikariat og varigheit ut februar 2028, med gode høve for forlenging fram til spesialisering i Nevrologi. Vi ønsker oppstart i stillingane 1. februar-1. mars, eller etter avtale. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innafor nevrologien, er det gode høve til fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Arbeidsoppgåver
Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga
Gi god omsorg for pasient og pårørande
LIS deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon
Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga
Kvalifikasjonar
Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi
For vikariat kan Cand.med. med norsk autoriasjon, som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar
Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon
Personlege eigenskapar
Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
Fagleg utvikling
Ein spennande og utfordrande jobb
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Petter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059
Andreas Vetås, LIS-tillitsvalgt, andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Bergen has 294,860 residents and 183,655 jobs by workplace; 554 job ads are live there today (3.0 per 1,000 jobs). Read the Bergen guide →
The field: Health & social care has 3,326 live ads in Norway and 382 in Vestland county. Where demand is highest →
The niche: “Medical doctor” is niche #7 of 50 by openings (340 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Medical doctors) averages NOK 103,860 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English– Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
autorisasjon
professional authorisation (licence)
engasjement
fixed-term engagement
godkjenning
approval / recognition
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
oppstart
start
vitnemål
diploma / transcript
kunnskap
knowledge
turnus
rotating shift schedule
omsorg
care
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
du er
you are
lønn
salary / pay
lege
medical doctor
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 vikariat med oppstart februar-mars, LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 vikariat med oppstart februar-mars jobs, LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 vikariat med oppstart februar-mars Bergen, jobs in Bergen, Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Bergen