Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du gjere ein forskjell for barn med store og samansette behov?
Vi har ledig ei spennande og meiningsfylt stilling frå 01.01.27 der du får kombinere arbeid som teiknspråktolk, teiknspråkopplærar og miljøterapeut. Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som ønskjer å bidra til læring, inkludering og meistring for elevar med store funksjonsnedsettingar.
Stillinga er 100% vikariat, med mulighet for forlengelse.
På grunn av ressursbehovet i avdelinga er stillinga er i dag fordelt slik: ca. 60% tolk i skuletida, og ca. 40% miljøterapeut i SFO del, men lønna som 100% tolk. På denne måten blir du ein del av eit heilskapleg arbeid og fagleg miljø.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i forsterka avdeling. Avdelinga er for born med store funksjonsnedsettingar, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar dei tilsette for at borna skal ha gode dagar, og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Vitnemål, CV og referansar må leggast inn i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Teiknspråktolking i skuletida.
Gjennomføring av teiknspråkopplæring.
Miljøterapeutisk arbeid i SFO.
Oppfølging og støtte til barn med store funksjonsnedsettingar.
Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og fritidsmiljø.
Samarbeid med føresette, lærarar, spesialpedagogar og andre fagpersonar.
Kvalifikasjonar
Krav om bestått utdanning som teiknspråktolk, eller minimum 60 stp i teiknspråk. Tilsette med anna teiknspråkkompetanse kan og søkje.
Relevant 3 årig pedagogisk, helse- eller sosialfagleg utdanning er ønskjeleg. Minimum fagarbeidarkompetanse.
Erfaring med barn med funksjonsnedsettingar og samansette behov er ønskjeleg.
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er trygg, omsorgsfull og tålmodig.
Har eit sterkt engasjement for barn og unge.
Er fleksibel og løysingsorientert.
Byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette.
Har evne til å skape tryggleik og inkludering i kvardagen.
Er lojal og pliktoppfyllande i forhold til inngåtte avtalar.
Vi tilbyr
Ei meiningsfull stilling der du utgjer ein forskjell i barn sitt liv.
Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer.
Moglegheit for fagleg utvikling.
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
engasjement
fixed-term engagement
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
praksis
practice / internship
ledig
vacant
krav
requirements
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule, Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule jobs, Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule Giske, jobs in Giske, Giske kommune, Valderøy barneskule jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Giske