Original text in Norwegian, as published by the employer.
Åsane tannklinikk har ledig fast deltidsstilling som tannpleiar. Stillinga er ledig frå 01.01.2027. Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:
jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper
halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.
Kvalifikasjonar
Du har norsk autorisasjon som tannpleiar
Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
arbeider systematisk og planmessig
har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre.
Vi tilbyr
ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
løn etter gjeldande tariff
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Referansenr.: 5202645854
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
praksis
practice / internship
tariff
collective agreement scale
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
hms
HSE (health, safety and environment)
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Tannpleiar, Tannpleiar jobs, Tannpleiar Bergen, jobs in Bergen, IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Bergen