Original text in Norwegian, as published by the employer.
Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):
100 % fast stilling med oppstart i januar 2027
Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter.
Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar
Må ha medisinsk kompetanse, til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordingar
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786
Arbeidssted
Svanehaugvegen 7
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5205446067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
autorisasjon
professional authorisation (licence)
arbeidsgiver
employer
godkjenning
approval / recognition
arbeidssted
workplace
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
oppstart
start
vitnemål
diploma / transcript
turnus
rotating shift schedule
norsk
Norwegian
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Miljøterapeut, Miljøterapeut jobs, Miljøterapeut Sunnfjord, jobs in Sunnfjord, Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Sunnfjord