Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om stillingane
Gulen kommune har ledig to i inntil 100% faste stillingar som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Desse stillingane er for tida knytt til rullerande todelt turnus på 12 veker i Brekke. Den eine faste stillinga har arbeid med langvakter 4. kvar helg og ordinære vakter i vekedagane. Den andre faste stillinga har langvakter kvar 4. helg og kombinasjon av langvakter og ordinære vakter i vekedagane.
Ta kontakt med kontaktperson i annonsen dersom du har spørsmål til stillingane/turnus.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Me tilbyr
Spanande stillingar i ei teneste i utvikling. Rom for å kunne bidra aktivt i utviklingsarbeidet
Bonusordning på 100 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i desse stillingane. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Gulen is in Vestland county (658,342 residents, 338,463 jobs by workplace). Read the Vestland guide →
The field: Health & social care has 3,326 live ads in Norway and 382 in Vestland county. Where demand is highest →
The niche: “Nurse” is niche #1 of 50 by openings (877 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Nursing professionals) averages NOK 65,070 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
barnehage
kindergarten
erfaring
experience
oppstart
start
stilling
position / job
tariff
collective agreement scale
turnus
rotating shift schedule
ansvar
responsibility
omsorg
care
du har
you have
ledig
vacant
helg
weekend
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff, Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff jobs, Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff Gulen, jobs in Gulen, Gulen kommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Gulen