Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om stillinga
Dersom ditt faglege engasjement spenner over både leiing og juss, kan rolla som domstolleiar vere interessant for deg. Noregs domstolar er samfunnets fremste konfliktløysar. Vi skal sikre og fremje rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet. Uavhengigheit og tillit er føresetnader for dette.
Domstolane skal vere brukar- og utviklingsorienterte. Vi arbeider difor med forbetring av arbeidsprosessar, der KI og andre digitale verktøy spelar ei sentral rolle. Du vil kome til å ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet. Ei viktig leiaroppgåve er å skape gode relasjonar og utvikle sterke fagmiljø og eit arbeidsmiljø som tiltrekkjer seg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Som domstolleiar må du kjenne deg att i Grunnlag for god ledelse staten.
Det blir ledig embete som domstolleiar ved Sunnmøre tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
styring og ansvar for mål og resultat
ansvar for den dømmande verksemda og saksbehandlinga
å leie, motivere og inspirere medarbeidarane i domstolen
å bidra til felles kultur i eigen domstol og for Noregs domstolar
å planleggje for optimal bruk av ressursane til domstolen for å sikre effektiv saksavvikling
å leggje til rette for gode fagmiljø og for at medarbeidarane i domstolen har den riktige kompetansen
å vere utviklingsorientert og halde deg oppdatert innan leiarfaget
å vere dommar og administrere eigne saker
Kven er du?
For å bli domstolleiar må du ha følgjande kompetanse:
juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap
leiarkompetanse, interesse for og/eller at du eignar deg for å leie
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
kjennskap til lover og avtaleverk for arbeidsgjevarar i offentleg verksemd
kunnskap om økonomistyring
evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gjev for å effektivisere arbeidsprosessar
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Personlege eigenskapar
Det er viktig at du kjenner deg att i fleire av følgjande eigenskapar:
Du skapar tillit og er tydeleg. Samstundes har du stor respekt for kompetansen og erfaringa til medarbeidarane dine.
Du er samarbeidsorientert og forstår kor viktig det er å involvere og motivere medarbeidarane i utviklinga av domstolen.
Du må ha god gjennomføringsevne og evne til å ta avgjerder.
Du har brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske.
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Vi tilbyr
Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:
stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
kompetanseprogram for dommarar og leiarar
høve til éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Ved tilsetjinga tilbyr vi årslønn, som for tida er kr 1.733.100.
Det gis eit årleg tillegg på kr. 92.200,- for å leie fleire rettsstadar.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Generelle føresegner
Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknad og i CV-en blir handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for moglegheita til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet. Det blir vist spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 6, «Lederkompetanser».
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida «Søk denne stillinga». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Ålesund has 59,663 residents and 35,031 jobs by workplace; 164 job ads are live there today (4.7 per 1,000 jobs). Read the Ålesund guide →
The field: Office & finance has 880 live ads in Norway and 29 in Møre og Romsdal county. Where demand is highest →
The niche: “Legal work” is niche #40 of 50 by openings (63 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Lawyers) averages NOK 88,610 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English– Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation– Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
politiattest
police certificate (criminal record check)
arbeidsgiver
employer
engasjement
fixed-term engagement
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
kunnskap
knowledge
søknad
application
ansvar
responsibility
master
master's degree
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
du er
you are
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Where this job is: Ålesund, Møre og Romsdal county
Embete som domstolleiar ved Sunnmøre tingrett, Embete som domstolleiar ved Sunnmøre tingrett jobs, Embete som domstolleiar ved Sunnmøre tingrett Ålesund, jobs in Ålesund, Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Ålesund