Original text in Norwegian, as published by the employer.
På vegne av arbeidsleiaren vår i Austevoll søkjer vi no etter nye BPA-assistentar. Arbeidsleiaren klarer seg godt sjølv i kvardagen, men på grunn av synsnedsetjing har han behov for praktisk bistand til enkelte daglege gjeremål.
Som BPA-assistent vil du bidra til at kvardagen går litt enklare. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere handling, rydding og vask i heimen, matlaging og lettare vedlikehald. Du må også kunne vere med på aktivitetar, trening, transport og reiser.
Vi søkjer etter éin til to faste assistentar, i tillegg til tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
Husarbeid og praktisk bistand i heimen
Lettare vedlikehald inne og ute
Bistand med matlaging
Vere med på handleturar
Assistere ved transport
Bistå ved kortare og lengre reiser
Vere med på aktivitetar og trening
Arbeidstid
Arbeidet vil hovudsakleg vere på dagtid og elles etter avtale med arbeidsleiar.
Ønska kvalifikasjonar
Har førarkort klasse B
Har tilgang til eigen bil
Har gode norskkunnskapar
Er påliteleg, fleksibel og trivst med praktiske arbeidsoppgåver
Personleg eigenheit og god kjemi med arbeidsleiar vil bli tillagt stor vekt.
Dette kan vere ei fin stilling for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull jobb, der du bidreg til at ein annan person kan leve eit sjølvstendig og aktivt liv.
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb med stor betydning i kvardagen til eit anna menneske
Moglegheita til å bidra til auka livskvalitet og sjølvstende
Eit nært og triveleg arbeidsmiljø
Grundig opplæring og tett oppfølging frå arbeidsgivar og arbeidsleiar
Tilgang til kurs og fagressursar gjennom NHI
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte koordinator Agnethe Lynn Ytrøy på ay@assent.no.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
arbeidstid
working hours
vi tilbyr
we offer
fleksibel
flexible
stilling
position / job
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll?, Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll? jobs, Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll? Austevoll, jobs in Austevoll, Anonym arbeidsgiver jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Austevoll