Original text in Norwegian, as published by the employer.
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytte til Sosial grunnkompetanse.
Arbeidsoppgåver
Støtte den einskilde eleven sitt læringsarbeid og fremje trivsel gjennom målretta rettleiing og aktiv medverknad til eleven si faglege og sosiale utvikling. Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne. Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar. Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot barn og ungdom med samansette utfordringar. Det er ønskjeleg med minimum fagbrev.
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse. Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig. Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert. Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte. Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør. Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd. Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt i denne stillinga.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar: Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Frode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765
Arbeidssted
Fanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5205666992
Stillingsprosent: 84,68%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
arbeidsgiver
employer
arbeidssted
workplace
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
prøvetid
probation period
fagbrev
trade certificate (vocational)
praksis
practice / internship
du har
you have
du er
you are
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.