Original text in Norwegian, as published by the employer.
Avdelingsleiar Husnes ungdomsskule
Kvinnherad kommune sin visjon er Saman om utvikling og gode tenester
Husnes ungdomsskule er den største ungdomsskulen i kommunen, og har i skuleåret 26-27 om lag 240 elevar og 42 tilsette.
Husnes ungdomsskule treng avdelingsleiar for 10.trinn frå 1.1.2027. Stillinga er ei 100% fast stilling. Avdelingsleiar har ansvar for fagleg oppfylging, karriererettleiing, vikarhandtering, pedagogisk utviklingsarbeid og har personalansvar for sitt trinn.
Læring og pedagogisk leiing skal vera førsteprioritet for skuleleiarar. Læring skal vera sentralt på alle nivå; elevnivå, i møte mellom elevar og lærarar, i samarbeidsfellesskapet mellom lærarar og på skulenivå. For å nå dette målet må ein skuleleiar utøva strategisk leiing og skapa visjonar som motiverer og inspirerer.
Ein skuleleiar skal bidra til utvikling av ein lærande organisasjon gjennom å bidra til utvikling av medarbeidarar og leggja til rette for gode arbeidsforhold for dei tilsette. Skuleleiaren skal leia læringsarbeidet i profesjonsfellesskapet ved å stilla krav til, leggja til rette for og fylgja opp læringsaktivitetar. Skuleleiaren skal ha fokus på omgjevnadene og syna samfunnsansvar.
Den som vert tilsett, vil møta ein raus og inkluderande arbeidsplass i eit godt fagleg og sosialt miljø med dyktige medarbeidarar som vil det beste for kvarandre og den einskilde eleven.
Vi arbeider kontinuerleg for å kunna tilby elevar og tilsette eit trygt, godt og inkluderande arbeids- og læringsfellesskap i tråd med Fagfornyinga og Kvinnherad kommune sine overordna verdiar og kvalitetsutviklingsplan.
Arbeidsoppgåver
Du er ein del av skulen sitt leiarteam som er sett saman av rektor og tre avdelingsleiarar. Du vil ha hovudansvar for læringsarbeidet på 10.trinnet og ha personalansvar for dei som er knytt til trinnet.
Du arbeider for å skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevar og tilsette
Du sikrar eit godt og ope samarbeid med føresette og deltek aktivt i planlegging og gjennomføring av skulen sitt utviklingsarbeid
Ansvar for yrkesrettleiing (karriererådgjevar)
Du har overordna vikaransvar
Andre relevante administrative oppgåver.
Du deltek i skuleleiarfellesskapet i Kvinnherad kommune og er med på å utvikla Kvinnheradskulen ut frå nasjonale styringssignal og Kvinnherad kommune sine eigne mål for opplæringa.
Kvalifikasjonar
Formell undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ynskjeleg
Erfaring frå faget utdanningsval
Det er ynskjeleg med relevant leiarutdanning og/eller -erfaring. Vilkår om å gjennomføra formell skuleleiarutdanning etter tilsetting dersom du ikkje har dette.
Relevant IT-kompetanse knytt til digitale verktøy og læringsplattformar
Kvinnherad kommune nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon
Gyldig politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar
Du er ein tydeleg og inkluderande leiar med positive forventningar til både vaksne og elevar
Du har gode samarbeidsevner
Du er strukturert, arbeider systematisk og har stor arbeidskapasitet
Du har godt humør og arbeider for eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø
Du likar å vera saman med ungdomar, er ein trygg vaksen og ser den einskilde
Du er trygg i møte med elevar og føresette og andre eksterne samarbeidspartnarar
Du er utviklingsorientert og deltek aktivt i profesjonsfellesskapet
Vi tilbyr
Faglege utfordringar i eit hyggeleg arbeidsmiljø
Utfordrande og sjølvstendige stillingar
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Løn etter gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Velkomen som søkjar
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| pensjonsordning | pension scheme |
| fast stilling | permanent position |
| politiattest | police certificate (criminal record check) |
| kompetanse | competence / skills |
| vi tilbyr | we offer |
| samarbeid | cooperation / teamwork |
| erfaring | experience |
| ansvar | responsibility |
| du har | you have |
| du er | you are |
| krav | requirements |
| søk | apply / search |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Avdelingsleiar Husnes ungdomsskule, Avdelingsleiar Husnes ungdomsskule jobs, Avdelingsleiar Husnes ungdomsskule Kvinnherad, jobs in Kvinnherad, Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule jobs, Salg og service jobs Norway, stillinger Kvinnherad