Original text in Norwegian, as published by the employer.
Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar.
Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00 på kvardagar og 08.00-23.00 i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00 (08.30 kvardagar) overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for legevaktsentralen, medan lokal lege fungerar som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam.
Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i 31,4 % stillingar. Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg.
Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare.
Som leiar har ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar.
Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta.
Stillinga er i 100 %, og rapporterar til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00. Då arbeid på legevakt krev særskild opplæring, må leiar ved ekstraordinære situasjonar òg kunna arbeida kveld og helg.
Arbeidsoppgåver
Dagleg leiing og drift av legevakta
Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette
Planlegging og oppfølging av bemanning, turnus og ressursstyring
Budsjett- og økonomioppfølging
Sikre at tenestene vert drivne i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter,nasjonale føringar og kvalitetskrav
Leia og vidareutvikla HMS-, kvalitets- og forbetringsarbeid
Delta som arrangør/fasilitator ved samtrening og kurs
Saksbehandling og oppfølging av avvik, klager og forbetringstiltak
Bidra aktivt til vidareutvikling av legevakttenesta i samarbeid med overordna leiar, kommuneoverlege og andre samarbeidspartar
Sikra god samhandling med interne og eksterne aktørar
Leggja til rette for meistring, medverknad og fagleg utvikling hos medarbeidarane
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
Minimum 2 års relevant klinisk erfaring, og god fagleg forståing
Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage, eller vilje til å ta desse før tiltreding. Dette er obligatoriske kurs for legevaktoperatørar.
Erfaring frå legevakt/akuttmedisin er ei føremon
Relevant leiarutdanning, eller vilje til å gjennomføra slik utdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og evne til å kommunisera på engelsk
Erfaring som fasilitator/instruktør eller gjennomført fasilitatorkurs vil verta vektlagd
God kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda
Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Du er en trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement
Du er målretta, strukturert og har evne til å videreutvikla tenesta
Du er nytenkjande, tillitskapande og har gode samarbeidsevner
Du har evne til å prioritera og handla rett i akutte situasjonar
Du handterer samtidigheitskonfliktar på ein strukturert måte, og evnar å prioritera når mange omsyn må balanserast samstundes
Du har gode kliniske vurderingsevner
Du er trygg i kommunikasjon med pasientar, pårørande og innringjarar
Du er fleksibel og løysingsorientert noko som er naudsynleg innan akuttmedisin og beredskap
Det vert lagt stor vekt på desse personlege eigenskapane
Vi tilbyr
Ein arbeidstad i utvikling
Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Kari Svellingen Nygård, Leiar Kvam legevakt, +47 971 10 289
Arbeidsstad
Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5198352496
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
engasjement
fixed-term engagement
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
engelsk
English
turnus
rotating shift schedule
omsorg
care
du har
you have
norsk
Norwegian
kveld
evening
ledig
vacant
du er
you are
helg
weekend
lege
medical doctor
hms
HSE (health, safety and environment)
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Leiar for Kvam legevakt, Leiar for Kvam legevakt jobs, Leiar for Kvam legevakt Kvam, jobs in Kvam, Kvam herad jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Kvam