Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som heimehjelp i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar i team og aleine. Vi treng deg som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Avdeling Bildøy har ledig ein 50% og ein 65% fast stilling som heimehjelp
Avdeling Skogsvåg har ledig ein 50% fast stilling som heimehjelp.
Stillingane er ledig frå no. Anna stillingsprosent kan bli ledig ved eventuelle interne søkjarar.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Kva får du hos oss?
I heimetenesta vil du få arbeide med dyktige og løysingsorienterte medarbeidarar, og det er kort veg mellom leiing og dei tilsette. Årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette.
Du vil arbeide med praktisk bistand (heimehjelp) i kombinasjon med heimesjukepleie på helg/høgtid. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav til eigenkapital gjennom kommunen (sjå Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune), samt ha tilgang til gratis parkering.
Kven er så du?
Det er ønskeleg med fagbrev innan reinhald eller at du har anna relevant fagbrev innan helse. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse. Du må ha førarkort. Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munnleg og skriftleg. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.
Om du kjennar deg igjen, bli med oss på laget!
Kontakt:
Ass einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| stillingsprosent | position percentage (FTE) |
| fast stilling | permanent position |
| engasjement | fixed-term engagement |
| kompetanse | competence / skills |
| erfaring | experience |
| kunnskap | knowledge |
| fagbrev | trade certificate (vocational) |
| omsorg | care |
| du har | you have |
| ledig | vacant |
| du er | you are |
| helg | weekend |
| krav | requirements |
| søk | apply / search |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Heimehjelp i heimetenesta, Heimehjelp i heimetenesta jobs, Heimehjelp i heimetenesta Øygarden, jobs in Øygarden, Øygarden kommune Heimetenesta jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Øygarden