Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil DU vere med på laget vårt ?
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i vakre Nissedal ? Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.
Arbeidsoppgåver
Fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelinga Leie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutvikling
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag Leiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg God innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverk Gode digitale ferdigheiter God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som: Er ein tydeleg og inkluderande leiar Har evne til å motivere og skape engasjement Er strukturert og handterer ein travel kvardag godt Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Er løysingsorientert og utviklingsretta
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Referansenr.: 5202898655
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
engasjement
fixed-term engagement
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
lønn
salary / pay
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.