Original text in Norwegian, as published by the employer.
Nav Sykkylven har ledig fast stilling som veiledar i vårt team Behalde arbeid.
Vi søkjer deg som er engasjert og framoverlent, og som er interessert i å jobbe med menneske som treng bistand til arbeidsretta oppfølging. Våre digitale verkty får stadig nye løysingar, og du må vere god på digitale verkty for å kunne jobbe effektivt og målretta med dei brukarane som treng hjelp frå Nav.
Som veiledar ved vårt kontor vil du arbeide heilskapleg med arbeidsretta brukaroppfølging og tett opp mot næringslivet, samt ulike kommunale tenester og tenester internt i Nav, helsevesenet, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Vi jobbar med å følgje opp prioriterte grupper som ungdom, flyktningar og sjukmelde.
Kontoret er organisert i 3 team; Ungdomsteam, Skaffe arbeide og Behalde arbeide. Som veiledar ved vårt team Behalde arbeid, vil du ha ansvar for oppfølging av sjukmelde og AAP brukarar med arbeidsgivar, samt sakshandsaming etter lov om sosiale teneste i Nav.
Nav Sykkylven-Stranda har 15,5 årsverk. Vi har god variasjon i alder og tilsette fordelt på kommunal og statlege tilsettingar. Vi er lokalisert med aktivitesbasert kontorløysing i sentrum av Sykkylven, og har tilgang til møterom på Stranda.
Sykkylven og Stranda kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har tilsaman 12 000 innbyggarar, som vi i Nav yter tenester til. Begge kommunane er industrikommunar der Sykkylven er stor innan møbel og Stranda innan næringsmiddel.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsretta oppfølging av brukarar, eller sjølvstendig næringsdrivande som mottek sjukepengar og arbeidsavklaringspengar
Kartleggje og avklare brukars behov for hjelp, deira ressursar og arbeidsmoglegheiter
Ein vil ha ansvar for eiga portefølgje med brukarar som ein følgjer opp og avklarar
Arbeidsoppgåvene inneber veiledning, saksbehandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Samarbeid med arbeidsgivarar
Nav er i stadig utvikling og du må vere open for at det kan skje endringar i oppgåver og ansvarsområder.
Kvalifikasjonar
Godkjent bachelorgrad i sosialt arbeid eller arbeids- og velferdsfag, eller annan relevant bachelorgrad
Erfaring frå motivasjon-, veiledning- og endringsarbeide
Erfaring med sakshandsaming
Erfaring frå tverrfaglig samarbeide
God digital forståing og erfaring med å nytte IT-system som arbeidsverkty
God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide effektivt og strukturert med mange arbeidsoppgåver
Stor arbeidskapasitet
Framoverlent og positiv i utviklingsarbeide
Omstillingsdyktig og løysningorientert
Fleksibel og open for ulik tilnærming til oppgåveløysing og arbeidsmetodikk
Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Nav Sykkylven-Strandasom arbeidgivar kan tilby spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, innanfor eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar, og er ein arbeidsplass som vektlegg utvikling, omstilling og kompetansedeling. Det må påreknast noko reiseverksemd innanfor våre kommunar.
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden
Kontaktinformasjon
Karoline Lied, NAV leiar, karoline.lied@nav.no
Arbeidsstad
Pilgata 2
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5204483692
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
ledig
vacant
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Where this job is: Sykkylven, Møre og Romsdal county
Veiledar, Veiledar jobs, Veiledar Sykkylven, jobs in Sykkylven, NAV Sykkylven Stranda, Sykkylven kommune jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Sykkylven