Original text in Norwegian, as published by the employer.
Etterretningstenesta – Viten om verda for vern av Noreg
Etterretningstenesta sitt oppdrag er å samle inn informasjon og varsle om forhold i utlandet som kan truge Noreg og norske interesser. Vi søkjer no etter fagleiar for innhenting av geografiske data.
Vi har ledig ei fast stilling som senioringeniør med hovudoppgåver knytta til fagleg leing og vidareutvikling innan faggruppa sitt ansvarsområde.
Faggruppa sine hovudoppgåver er knytt til innhenting og strukturering av oppdatert og relevant geografisk informasjon. Det vil òg vera aktuelt å jobbe med ikkje-geografiske grunnlagsdata.
Avdelinga som stillinga er underlagt har ansvar for å understøtte både Forsvaret generelt, og Etterretningstenesta spesielt med tidsriktig og relevant geografisk, meteorologisk og oseanografisk (GEOMETOC) informasjon.
Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver der det du er med på å levere kjem til direkte nytte på alle nivå i Forsvaret og Etterretningstenesta.
Hos oss kan du få annleis opplevingar, og vi kan love deg eit hyggeleg arbeidsmiljø!
Vi er avhengig av mangfald i perspektiv og erfaringar for å løyse oppdraga våre. Difor ønskjer vi å rekruttere medarbeidarar med ulik bakgrunn og ulike livserfaringar til å arbeide hos oss.
Kvinner vert særskild oppfordra til å søkje stillinga.
Arbeidsoppgaver
Koordinere og bistå med innhenting av informasjon fra opne, eksterne og interne kjelder for strukturert lagring, distribusjon og presentasjon på Etterretningstenesta og Forsvarets sikre plattformer, herunder setje opp og administrere flyt av data mellom ulike nettverk gjennom løysningar for sikker informasjonsutveksling.
Koordinere brukarbehov, prioritere oppgåver og vera ein fagleg ressursperson innafor faggruppas ansvarsområde.
Følgje opp automatisert flyt av digital geografisk informasjon til Forsvarets og Etterretningstenestas sikre nettverk.
Representere avdelinga i råd, utvalg og samarbeidsorgan, nasjonalt og internasjonalt.
Gi fagleg støtte, rådgivning og undervisning/opplæring innan faggruppa sitt ansvarsområde til prosjekt og avdelingar i Forsvaret og Etterretningstenesta.
Kvalifikasjonar
Stillinga har følgande krav som må innfris for å bli vurdert som aktuell søkjar:
Mastergrad eller tilsvarande utdanningsnivå, fortrinnsvis innan geomatikk, informatikk eller liknande studieretning. Anna relevant utdanning og fleirårig erfaring med god resultatoppnåelse vil etter vurdering kunne kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant arbeidserfaring.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
I tillegg er det ønskjeleg om du har:
Fagleiing og teamarbeid
Skripting og programmering, gjerne i Python
Automatisert prosessering av data, til dømes ved hjelp av Apache Airflow, Apache Nifi, FME
Databasar, til dømes PostgreSQL/PostGIS eller andre SQL-databasar.
Geografiske informasjonssystem (GIS), som QGIS eller ArcGIS
Containerteknologi, til dømes Docker og Kubernetes
Prosjektarbeid
Forsvarets verksemd og Forsvarets IKT-infrastruktur
For å bli vurdert som søkjar må vitnemål og andre attestar som stadfestar den høgaste utdanninga di, leggjast ved søknaden.
Særskilde krav for stilling i Etterretningstenesta:
Søkjar må tilfredsstille krav til høgaste tryggleiksklarering.
For tilsetting i Etterretningstenesta kan ein ikkje ha anna enn norsk statsborgerskap ved tilsettingstidspunktet.
Stillinga er underlagt beordringsplikt, jf. forsvarsloven og forsvarstilsatteforskriften, som inneber at du kan beordrast til internasjonale operasjonar. Dette skjer normalt på grunnlag av villigheit. Beordringsplikt medfører krav til medisinsk og fysisk dugleik og grunnleggande engelskkunnskapar. Dersom du ikkje oppfyller krava har du moglegheit til å søke dispensasjon.
Personlege eigenskapar
Personleg skikka for ei stilling i Etterretningstjenesten vil bli ilagt stor vekt:
Haldningar og pålitelegheit: Etterretningstenesta krev høg fagleg og personleg integritet, pålitelegheit og lojalitet av medarbeidarane sine.
Lærelyst og planmessigheit: Vi søkjer personar som brenn for fagfeltet sitt, og som møter arbeidsdagen med lærelyst og eit ønskje om å levere gode resultat.
Samspel og samarbeid: I Etterretningstenesta er vi opptekne av å ha eit godt arbeidsmiljø. God lagånd, respekt og toleranse i møte med andre er av stor betydning.
Stressmeistring: Det er ein føresetnad at medarbeidarane våre har evne til å handtere periodar med stor arbeidsbelastning.
For den konkrete stillinga som fagleiar krevst i tillegg gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein spannande og samfunnsnyttig jobb der du vil kunne utgjere ein forskjell.
Etterretningstenesta er opptatt av å auke kompetansen hos dei tilsatte, og det vil bli satsa både på deg som person og di faginteresse.
Våre tilsette har fleksitid, høve for trening i arbeidstida, samt gunstige lån- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Du vil få ei årslønn innanfor spennet kr 785 000 - 980 000 i stillinga som senioringeniør (kode 1181) iht. gjeldande Hovudtariffavtale. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
HR, 23 09 43 22
Arbeidssted
Lutvannsveien 60
0676 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Etterretningstjenesten
Referansenr.: 5205983202
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
arbeidsoppgaver
duties / tasks
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
arbeidsgiver
employer
arbeidssted
workplace
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
engelsk
English
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
du er
you are
lønn
salary / pay
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Fagleiar - innhenting av geografiske data, Fagleiar - innhenting av geografiske data jobs, Fagleiar - innhenting av geografiske data Oslo, jobs in Oslo, Etterretningstenesta jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Oslo