Original text in Norwegian, as published by the employer.
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef på sambandet Isane-Stårheim.
Turnus: Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av. Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase.
Søkar bør bu innan ein time frå sambandet.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
Minimum M3-sertifikat eller M4 med dokumentert 6 mnd fartstid etter utstedelse av M4 samt fullført Fagskule.
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande.
Vi tilbyr
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund
Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av
Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
Gode velferd og- pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsstad
Kleivavegen 30
6777 Stårheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5110934268
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
vi tilbyr
we offer
fleksibel
flexible
turnus
rotating shift schedule
ansvar
responsibility
ledig
vacant
lønn
salary / pay
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje, Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje jobs, Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje Stad, jobs in Stad, Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS jobs, Transport og lager jobs Norway, stillinger Stad