Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vi ser etter ein overstyrmann til vår ferge MF Nordfjord. Vil du bli ein del av eit dyktig og engasjert team?
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.Gode velferdsordningar med m.a leilegheit i Bergen, Oslo, Voss m.m.
Jobben er fagleg utfordrande og meiningsfull. Her bidrar du til at lokalsamfunnet går rundt. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal. Vi treng no forsterkningar som kan bidra til det gode arbeidet om bord.
Familievenleg turnus: mandag-onsdag, fredag-mandag, onsdag-fredag etterfulgt av 9 døgn fri. Du arbeider bare dag/kveld og ikkje på natt. Fri 2 av 3 helger i ordinær turnus, ekstra fri på sommaren med fri 3 av 4 helger.
Kvifor bør du søke?
Du får ein nøkkelrolle i å sikre pålitelig drift.
Engasjerte og dyktige kollegaer.
Mykje fritid både på helg og i kvardager.
Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål.
Arbeidsoppgåver
Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift
Vere avløysar for skipsførar
Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal
Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet
Kvalifikasjonar
D3-sertifikat
VHF/ROC-sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
ECDIS kurs
Krise-og passasjerhandtering
Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
Gode velferdsordningar
Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsstad
Askvoll
6980 Askvoll
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5076984909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
turnus
rotating shift schedule
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
kveld
evening
lønn
salary / pay
natt
night
helg
weekend
hms
HSE (health, safety and environment)
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure, Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure jobs, Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure Askvoll, jobs in Askvoll, Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS jobs, Transport og lager jobs Norway, stillinger Askvoll