Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du bidra til at eldre menneske kan bu trygt og godt i eigen heim?
Me søkjer ein omsorgsfull og påliteleg medarbeidar til heimetenesta på Rauland. Som heimehjelp er du med på å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen for eldre innbyggjarar i kommunen.
Me har ledig tilling som heimehjelp i 70% ute i heimane og pleieassistent kvar tredje helg inne på omsorgssenteret. Her vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.
Heimetenesta på Rauland yter helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigne heimar og omsorgsbustader, samt til bebuarar ved omsorgssenteret med inntil 15 plassar. Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Stillinga inngår i årsturnus.
Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.
Arbeidsoppgåver
Reinhald av private bustader på Rauland, og bebuarrom på Omsorgssenteret
Pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarane på Omsorgssenteret
Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar
Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
Vere ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlinger, elevar og studentar ved behov
Kvalifikasjonar
Erfaring med reinhald, pleie- og omsorgsoppgåver
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer
Førarkort klasse B
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre.
Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare.
Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten.
Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
Du trivst med ansvar og tek initiativ.
Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet.
Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta
Me tilbyr
God forsikrings- og pensjonsordning i KLP
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Lokal løn over KS garantiløn
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Referansenr.: 5204218751
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 22.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-06 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
pensjonsordning
pension scheme
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
arbeidstid
working hours
erfaring
experience
kunnskap
knowledge
ansvar
responsibility
omsorg
care
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
du er
you are
helg
weekend
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast, Heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast jobs, Heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast Vinje, jobs in Vinje, Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Vinje