Original text in Norwegian, as published by the employer.
Brenn du for menneske, fag og utvikling? Ved avdeling for personar med funksjonsnedsetting arbeider me kvar dag for at menneske med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv. Avdelinga omfattar Svingen bufellesskap og avlastingstilbod for barn og unge på Reini, og tilbyr heildøgnstenester med fokus på meistring, deltaking, inkludering og sjølvråderett.
No søkjer me ein engasjert og relasjonell leiar som vil vere med og vidareutvikle tenestane våre. Me ser etter deg som kombinerer varme med tydeleg leiarskap, og som motiverast av å utvikle både menneske, fag og organisasjon. Du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling i kvardagen. Som avdelingsleiar får du ansvar for eit tverrfagleg fagmiljø, med om lag 40 medarbeidarar. Vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar, helsefagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane våre. Me trur dei beste løysingane blir skapt gjennom samarbeid, ulike perspektiv og eit arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og felles ansvar. Hos oss er mentor for nytilsett helsepersonell innført som ei fast ordning. Gjennom programmet legg me til rette for ein trygg start, og fagleg utvikling og meistring i arbeidskvardagen. Som avdelingsleiar vil du vere med på å støtte opp om og vidareutvikle denne satsinga.
Avdelinga vår er ein del av verksemda Miljøterapi og helsetenester, og du vil inngå i verksemda sitt leiarteam. Du får god støtte frå verksemdsleiar, fagressursar og administrative støttefunksjonar, noko som gir rom til å prioritere leiing, medarbeidarutvikling og vidareutvikling av tenestene.
Kvifor velje denne stillinga? Fordi du får høve til å vere tett på menneska, utvikle eit fagmiljø og påverke korleis tenestene skal sjå ut i framtida. Dette er ei rolle for deg som ynskjer meir enn å drifte. Du vil vere med å skape utvikling, byggje kultur og gjere ein forskjell for både bebuarar og medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Leie, motivere og følgje opp medarbeidarar i det daglege
Sikre god bemanning, drift og ressursbruk innan vedtekne rammer
Ha ansvar for Helse, Miljø og Sikkerheit som m.a arbeidsmiljø og oppfølging av sjukefråvær
Samarbeide med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar for å utvikle gode tenester
Fylgje opp budsjett og økonomiske resultat
Byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, læring og ansvar
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning på minimum bachelornivå
Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå tenester til personar med funksjonsnedsettingar
Leiarerfaring med personal,- fag og økonomiansvar
God forståing for turnus, bemanning og ressursstyring
God økonomiforståing
God munnleg og skriftelg framstillingsevne på norsk
Sertifikat klasse B
Det er ein fordel om du har
Leiarutdanning
Erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
God digital kompetanse
Dersom du ikkje har leiarutdanning eller leiarerfaring , forventar me at du er motivert for å utvikle slik kompetanse. Gjennomføring av relevant leiarutdanning og/eller leiarutvikling kan bli sett som eit vilkår for tilsetjinga.
Personlege eigenskapar
Me trur du vil lukkast hos oss dersom:
du er ein trygg og relasjonell leiar som får folk til å spele kvarandre gode
du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for samarbeid, læring og utvikling
du trivst med å vere tett på medarbeidarane og motiverer andre til å ta ansvar og bruke kompetansen sin
du er tydeleg når avgjerder må takast, og du evnar å kombinere dagleg drift med blikk for utvikling og nye moglegheiter
du ser løysingar, arbeider strukturert og ynskjer å skape tenester som blir endå betre i morgon enn dei er i dag
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
Ei spennande og meiningsfull leiarrolle der du får moglegheit til å gjere ein forskjell for brukarar, pårørande og medarbeidarar.
Høve til å påverke utviklinga av tenesta og vere med på å forme framtidas løysingar
Eit inkluderande leiarfellesskap med engasjertekollegaer og gode støttefunksjonar.
Tilpassa opplæring og mentorordning som gir deg ein trygg start.
Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
Konkurransedyktige lønsvilkår. Årsløn på kr 886.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Referansenr.: 5201941985
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-06 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
engasjement
fixed-term engagement
kompetanse
competence / skills
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
turnus
rotating shift schedule
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
du er
you are
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Avdelingsleiar - 100% fast, Avdelingsleiar - 100% fast jobs, Avdelingsleiar - 100% fast Vinje, jobs in Vinje, Helse og meistring, Vinje kommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Vinje