Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 - 24 % på avdelingane Barneavlastinga og Myroldhaug psykisk helse og rus.
Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.
Arbeidsoppgåver
Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
Kartlegge og vurdere behov
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
Vi ser særleg etter deg som:
Har helsefagleg utdanning
Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Du må vere over 18 år
Personlege eigenskapar
Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Gode kommunikasjonsevner, kan skape trygge og tillitsfulle relasjonar
Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Tek initiativ og ansvar
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Høve til fagleg utvikling
Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Marie Bakke, Einingsleiar meistring og psykisk helse, 40022692, marie.bakke@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Myroldhaugvegen 43
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5195118611
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
prøvetid
probation period
vitnemål
diploma / transcript
ansvar
responsibility
omsorg
care
norsk
Norwegian
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus, Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus jobs, Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus Stad, jobs in Stad, Meistring og psykisk helse, Stad kommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Stad