Original text in Norwegian, as published by the employer.
Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell for andre? Då kan du vere den vi ser etter!
Om arbeidsplassen Elvebøen er ei avdeling i Miljøtenesta i Stad kommune, lokalisert på Nordfjordeid. Avdelinga har heildøgnsdrift og yter tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand, både i bufellesskap og i private bustader. Som vernepleiar ved Elvebøen arbeider du tett på tenestemottakarane gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar. Arbeidskvardagen hos oss er variert og byr på både faglege utfordringar og moglegheiter. Vi ser etter deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, men som også verdset tett samarbeid med kollegaer. Godt samarbeid, fagleg refleksjon og eit inkluderande arbeidsmiljø er viktige faktorar for kvaliteten på tenestene våre. Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering, i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga.
Turnus og arbeidstid Avdelinga har årsarbeidsplan, og stillinga inngår per i dag i ei tredelt turnusordning med dag-, kvelds- og nattevakter. Det vil vere moglegheit for langvakter frå og med neste årsarbeidsplan.
Elvebøen har eit godt samarbeid med andre avdelingar i Miljøtenesta og Meistring og psykisk helse. Samarbeidet omfattar mellom anna tryggingstiltak på natt og faste medisinvakter på tvers av avdelingane éin dag i veka.
Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing
Arbeidsoppgåver
Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
Kartlegge og vurdere behov
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
Rettleie studentar, lærlingar og andre
Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
Tverrfagleg samarbeid
For vernepleiar gjelder også helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon
Andre med treårig sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå kan også søke
I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Tek initiativ og ansvar
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Bidrar aktiv til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost camilla.andersen@stad.kommune.no.
Referansenr.: 5169240497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
arbeidstid
working hours
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
prøvetid
probation period
vitnemål
diploma / transcript
turnus
rotating shift schedule
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
natt
night
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Vernepleiar ved Elvebøen, Vernepleiar ved Elvebøen jobs, Vernepleiar ved Elvebøen Stad, jobs in Stad, Bu- og miljøtenesta, Stad kommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Stad