Original text in Norwegian, as published by the employer.
💜 Vil du bli ein del av vårt gode fagmiljø?
Hos oss jobbar det allereie mange dyktige, rause og engasjerte kollegaer, og no ønskjer vi deg med på laget!
Gynekologisk eining består av ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Som sjukepleiar hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av pasientgrupper og oppgåver. Kvardagen kan til tider vere travel, men du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, fagleg utvikling og omsorg for pasientane står i sentrum.
Pasientgruppa vår omfattar kvinner i alle aldrar. På sengeposten gir vi pre- og postoperativ behandling i samband med gynekologiske operasjonar, pleie og behandling til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling – for å nemne noko. På poliklinikken følgjer vi opp gravide gjennom svangerskapet, behandlar kvinner med ulike gynekologiske problemstillingar og utfører mindre gynekologiske inngrep i lokalbedøving.
Stillinga inneber hovudsakleg tredelt turnus på sengeposten, med høve til å arbeida dagvakter på poliklinikken.
Gynekologisk eining samarbeider tett med kirurgisk avdeling. Sengeposten er open frå måndag til fredag, og i helgene blir dei gynekologiske pasientane ivaretekne på kirurgisk avdeling. Som sjukepleiar hos oss vil du derfor også få verdifull erfaring frå arbeid på kirurgisk avdeling.
✨ Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyra frå deg! Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
Ta imot, observera og følgja opp pasientar gjennom behandlingsforløpet.
Utføra heilskapleg og fagleg trygg sjukepleie til kvinner i ulike livsfasar.
Gi pre- og postoperativ sjukepleie og oppfølging til pasientar gjennom behandlingsforløpet.
Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikra best mogleg behandling og oppfølging av pasientane.
Samarbeida tett med kollegaer ved gynekologisk eining og kirurgisk avdeling.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Relevant erfaring frå sjukehus er ønskjeleg.
Erfaring med gynekologiske pasientar er ein fordel, men ikkje eit krav.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
møter kvar pasient med respekt, omsorg og forståing
er sjølvstendig og open for endring
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag
🤝 Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Triveleg og inkluderande arbeidsmiljø 🤝
Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver 📚
Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 🌱
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift) 💜
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Referansenr.: 5204779426
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Haugesund has 38,663 residents and 23,114 jobs by workplace; 107 job ads are live there today (4.6 per 1,000 jobs). Read the Haugesund guide →
The field: Health & social care has 3,307 live ads in Norway and 243 in Rogaland county. Where demand is highest →
The niche: “Nurse” is niche #1 of 50 by openings (872 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Nursing professionals) averages NOK 65,070 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
autorisasjon
professional authorisation (licence)
godkjenning
approval / recognition
kompetanse
competence / skills
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
oppstart
start
vitnemål
diploma / transcript
turnus
rotating shift schedule
omsorg
care
norsk
Norwegian
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Vi søkjer sjukepleiar, Vi søkjer sjukepleiar jobs, Vi søkjer sjukepleiar Haugesund, jobs in Haugesund, Gynekologisk eining Haugesund Sjukehus jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Haugesund