🆕 Work guides: live jobs + official data, law, permits, pay and cost of living. Norway · Oslo · Akershus · all 15 counties → · 50 largest cities + map · 100 largest companies · 50 best job niches
🌍 Europe → 🇳🇴 Norway → Rogaland → Haugesund
← All Jobs in Norway

Overlege i psykiatri

Psykosepoliklinikken Haugaland DPS
📍 Floravegen 75, 5535 Haugesund🕐 Heltid📄 Fast🏛 Offentlig⏳ Apply by 2026-12-01
📍 Haugesund guide🧭 Rogaland county guide🗂 Health & social care jobs in Rogaland🇳🇴 Health & social care across Norway⭐ Niche #7: Medical doctor

Job Description

Original text in Norwegian, as published by the employer.

Overlege i psykiatri – Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønskjer å bli ein del av eit spennande fagmiljø i utvikling.

Her blir du ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse, tett samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi ønskjer oss ein kollega som er oppteken av god pasientbehandling, og som vil bidra til å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt.

Psykosepoliklinikken følgjer pasientar gjennom heile sjukdomsforløpet, frå tidleg oppdaging og utgreiing av psykose til behandling og langvarig oppfølging av pasientar med alvorlege og samansette psykoselidingar. Vi har òg ansvar for oppfølging av pasientar underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i opptaksområdet vårt.

Som overlege vil du få ei sentral rolle i både utgreiing og behandling. Du vil delta i det etablerte utgreiingsteamet vårt, som i hovudsak består av legar og psykologar. Teamet arbeider med brei differensialdiagnostikk og samansette kliniske problemstillingar, med vekt på ein tydeleg samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.

Stillinga gir høve til å kombinere avansert differensialdiagnostisk arbeid med sjølvstendig klinisk behandling og oppfølging av pasientar over tid. Vi legg stor vekt på fagleg samarbeid, og det vil bli gitt rettleiing og lagt til rette for regelmessige faglege drøftingar og kollegial støtte.

Behandlingstilbodet ved poliklinikken omfattar medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, IMR-grupper (Illness Management and Recovery), musikkterapi og livsmeistringsgrupper. Vi samarbeider òg med NAV om individuell jobbstøtte (IPS) som ein integrert del av behandlinga.

Haugaland DPS har to sengepostar, der behandlarar frå Psykosepoliklinikken følgjer eigne pasientar også under døgnopphald ved den eine posten. Dette gir gode føresetnader for kontinuitet og heilskaplege behandlingsforløp. Stillinga vil innebere arbeid både i poliklinikk og på sengepost.

Ved Haugaland DPS har vi eit etablert ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Poliklinikken driv òg eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid for å vidareutvikla utgreiing og behandling i tråd med nasjonale faglege føringar og oppdatert kunnskap. Som overlege vil du få høve til å bidra aktivt i dette arbeidet.

Fagmiljøet ved Haugaland DPS består av overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering og andre erfarne faggrupper. Verksemda er lokalisert i Haugesund og Kopervik, og det må påreknast arbeid ved begge lokasjonane.

Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, med gode kollegaer, fagleg støtte og moglegheit til å påverke utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod for pasientar med psykoselidingar.


Kva går jobben ut på?

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Louise Sandve, Funksjonsleiar, 99012230, louise.sandve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Floravegen 75
5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5191177854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.

Apply on official site →   View on Arbeidsplassen.no

This job in context

What the ad text says (keyword check, not a legal reading)

– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid

Before you apply

Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)

NorwegianEnglish
stillingsprosentposition percentage (FTE)
pensjonsordningpension scheme
søknadsfristapplication deadline
autorisasjonprofessional authorisation (licence)
godkjenningapproval / recognition
kompetansecompetence / skills
utdanningeducation
samarbeidcooperation / teamwork
vitnemåldiploma / transcript
kunnskapknowledge
ansvarresponsibility
norskNorwegian

Does this salary work here? (estimate)

Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.

Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.

OsloRogalandMøre og RomsdalNordlandØstfoldAkershusBuskerudInnlandetVestfoldTelemarkAgderVestlandTrøndelagTromsFinnmarkOsloBergenTrondheimStavangerBærumKristiansandDrammenAskerLillestrømFredrikstadSandnesTromsøSandefjordNordre FolloSarpsborgTønsbergÅlesundSkienBodøMossLørenskogLarvikIndre ØstfoldArendalUllensakerKarmøyØygardenHaugesundPorsgrunnRingsakerHamarMoldeHaldenRingerikeGjøvikAskøyAlverLillehammerSolaKongsbergLierEidsvollHortenFærderHolmestrandBjørnafjordenNittedalRanaGrimstadHarstadOsloBergenTrondheimStavangerKristiansandTromsøÅlesundBodø
Where this job is: Haugesund, Rogaland county

Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.

Open the detailed street map →

Related Searches

Overlege i psykiatri, Overlege i psykiatri jobs, Overlege i psykiatri Haugesund, jobs in Haugesund, Psykosepoliklinikken Haugaland DPS jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Haugesund

More Real Openings in This Field

Erfaringskonsulent i  fast, 100% stilling ved Dagavdelingen
MO-senteret Gyldenpris, Bergen kommune · Bergen
Helsefagarbeider i omsorgsteam
Hjemmebaserte tjenester i Fana og Ytrebygda, Bergen kommune · Bergen
Bofellesskap sentralt i Åsane søker flere ekstravakter -  aktuelt for  helsefagarbeidere og ufaglærte
Hjemmebaserte tjenester i Arna og Åsane, Bergen kommune · Bergen
Fast 100% stilling som vernepleier/sykepleier ved Tverrfaglig Overdoseteam
MO-senteret Gyldenpris, Bergen kommune · Bergen
Sosionom i 100% fast stilling
MO-senteret Gyldenpris, Bergen kommune · Bergen

More Health & social care jobs in Haugesund

Spesialkonsulent 100%
Tilrettelagte tjenester, Tiltak
Vil du jobbe med moderne biologisk behandling som ECT og TMS?
Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus
Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri
Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri Haugesund Sjukehus
Vi søkjer sjukepleiar
Gynekologisk eining Haugesund Sjukehus
Overlege Habilitering for vaksne
Habiliteringsavdeling Haugesund Sjukehus