Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye leiaren vi ser etter til arbeidslivsavdelinga vår.
Avdeling arbeidsliv har ansvar for kontoret si oppfølging av brukarar over 30 år som er klare for arbeidsretta aktivitet og arbeid. Ei anna viktig oppgåve for avdelinga er oppfølging av brukarar i oppfølgingsløp for sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar som treng hjelp til å behalde arbeid. Avdelinga sine oppgåver har eit breitt fagleg spekter, og avdelingsleiar vil ha ansvar for om lag 14 fagleg dyktige medarbeidarar med tilsettingsforhold både i stat og kommune. Saman med tilsette har avdelingsleiar kontakt med til dømes legar og arbeidsgivarar. Avdelinga driv og med gruppetiltak og informasjonsmøter for Nav brukarar.
Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.
Nav Askøy har flotte nye kontorlokale og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 70 tilsette. Du finn oss sentralt plassert på Kleppestø senter, med gode buss- eller båtforbindelsar. Reiser du frå Bergen, køyrer du køfritt både med buss og bil.
Arbeidsoppgaver
Leie og utvikle team i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål
Personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
Følge opp resultat og legge til rette for kontinuerleg forbetring
Representere avdelinga og regionen i interne og eksterne samarbeidsfora. Aktuelle samarbeidspartnarar er legane på Askøy, Askøy lærings- og integreringssenter og Nav Øygarden
Vere ein aktiv medspelar i leiarteamet på kontoret og i regionen, og bidra til heilskaplege løysingar til beste for brukarane våre
Bidra til eit godt arbeidsmiljø for avdelinga og kontoret, og bygge felles engasjement og kultur
Kvalifikasjoner
Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet
Leiarerfaring
God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
God erfaring frå å jobbe med menneske og bygge relasjonar
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Det er ein fordel om du òg har:
Erfaring frå arbeidsinkludering eller marknadsarbeid
Leiarutdanning
God forståing for teamarbeid og teamutvikling
Det gjøres oppmerksom på at det vil bli krevd politiattest ved ansettelse. Politiattesten skal ikke legges ved søknadspapirene, men fremlegges før tiltredelse.
Vi ser etter deg som
er samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for medarbeidarane dine
ser medarbeidarane dine, og kommuniserer forventingar og tilbakemeldingar på ein tydeleg og inkluderande måte
jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
er nytenkande, fleksibel og tek ansvar for eiga fagleg utvikling
er god på samarbeid og å byggje relasjonar internt og eksternt
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldende avtaleverk
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Generelle opplysninger:
I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.
Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Helga B. Torgersen, Nav leder, (+47) 40 80 61 85
Arbeidssted
Kleppestø senter
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Askøy kommune
Referansenr.: 5205374269
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
arbeidsoppgaver
duties / tasks
kvalifikasjoner
qualifications
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
arbeidsgiver
employer
engasjement
fixed-term engagement
universitet
university
tiltredelse
start date (taking up the post)
arbeidssted
workplace
ansettelse
employment / hiring
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
attester
certificates / testimonials
vitnemål
diploma / transcript
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
leder
manager / leader
lønn
salary / pay
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.