Original text in Norwegian, as published by the employer.
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe i Psykiatrisk klinikk.
Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.
Psykiatrisk klinikk tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Klinikken vår består av Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for Stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Regional Avdeling Spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.
Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk med oppstart frå sommaren ved: Stillingane har 2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt.
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 søker sjukepleiar/vernepleiar. 2-delt turnus og kvar 2. helg i sommarperioden
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/S4/S5 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og kvar 3. helg i sommarperioden
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden
* Seksjon for Alderspsykiatri, døgneining søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein avdeling. Frå hausten 2027 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved annan avdeling i Psykiatrisk klinikk.
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S1 er lukka døgnseksjonar med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar medan Seksjon S6 har 12 døgnplassar. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).
Vi søker etter sjukepleiarar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar.
Kontakt, Seksjon S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Kontakt, Seksjon S6: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Akutt psykose, Seksjon S3, S4 og S5 er akutte, lukka poster med 9 og 12 sengeplassar og er skjerma einingar for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt Seksjon S3: Mari Lerum, Tlf. 55958722.
Kontakt Seksjon S4: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Kontakt Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958755
PAM1/PAM2 har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst.
På sengepostane får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg. Hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt PAM1: Pål Audun Hegland, Tlf. 55956480 eller Gunn Andersen, Tlf. 55956422
Kontakt PAM2: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 9086239
Seksjon for Alderspsykiatri er lokalisering i Glasblokkene på haukeland og er ein døgneining med 12 sengeplassar, samt polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Kontakt: Lisa Hartveit, Tlf. 55974535
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| stillingsprosent | position percentage (FTE) |
| fast stilling | permanent position |
| søknadsfrist | application deadline |
| autorisasjon | professional authorisation (licence) |
| godkjenning | approval / recognition |
| kompetanse | competence / skills |
| vi tilbyr | we offer |
| utdanning | education |
| erfaring | experience |
| oppstart | start |
| vitnemål | diploma / transcript |
| vi søker | we are looking for |
| turnus | rotating shift schedule |
| ansvar | responsibility |
| du har | you have |
| norsk | Norwegian |
| ledig | vacant |
| lønn | salary / pay |
| helg | weekend |
| lege | medical doctor |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Sjukepleiar og vernepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk, Sjukepleiar og vernepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk jobs, Sjukepleiar og vernepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk Bergen, jobs in Bergen, Helse Bergen HF jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Bergen