Original text in Norwegian, as published by the employer.
Voss herad søkjer fastlege: Spesialist i allmennmedisin 100 % Er du spesialist i allmennmedisin og på utkikk etter nye moglegheiter?
Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig lege som ynskjer å bli ein del av eit moderne og framtidsretta legekontor. Tenesta er inne i ein spennande fase med reorganisering og vidareutvikling av kontoret. Det er stort fokus på kvalitet, effektiv drift og at pasienten er i sentrum.
Om arbeidsstaden:
Voss legekontor er eit kommunalt fastlegekontor med 7 fastlegeheimlar, 1 LIS1 lege, 5 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Fastlegane ved legekontoret deltek i rotasjon på daglegevakt, som er lokalisert i akuttmottak ved Voss sjukehus. Dette gjev eit godt tverrfagleg fagmiljø. Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd, Voss legekontor har fleire legar i ALIS stillingar. Voss herad er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta held til i same lokale som daglegevakta og er eit samarbeid mellom Voss, Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Kvam. Journalsystemet WebMed er nytta både på legekontoret og på legevakta.
Kva går jobben ut på?
Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
Delta i vaktordning for legar.
Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
Deltaking i kommunale oppgåver og interkommunal legevakt.
Me tilbyr:
Listelengde etter avtale
Tilpassa arbeidskvardag ut i frå kommunale oppgåver
Økonomiske vilkår: Konkurransedyktige vilkår (fastløn og insentiv).
Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
Spesialist i allmennmedisin
Norsk autorisasjon som lege
Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B
Du må ha rett til å mota trygderefusjon
Er sjølvstendig og løysningsorientert
Er fagleg engasjert og opptatt av pasientbehandling av høg kvalitet
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Voss is in Vestland county (658,342 residents, 338,463 jobs by workplace). Read the Vestland guide →
The field: Health & social care has 3,307 live ads in Norway and 378 in Vestland county. Where demand is highest →
The niche: “Medical doctor” is niche #7 of 50 by openings (339 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Medical doctors) averages NOK 103,860 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
samarbeid
cooperation / teamwork
vitnemål
diploma / transcript
stilling
position / job
norsk
Norwegian
lege
medical doctor
søk
apply / search
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Spesialist i allmennmedisin 100 %, Spesialist i allmennmedisin 100 % jobs, Spesialist i allmennmedisin 100 % Voss, jobs in Voss, Voss herad Voss legekontor jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Voss