Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om stillinga
Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø!
Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg!
Om oss: Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar.
Vi ser etter deg som:
Er omsorgsfull og tolmodig
Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar
Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakter
Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid
Arbeid og ansvarsområde
Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller psykiske lidingar.
Me gir tenester i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, praktisk bistand i heimen til brukarane, eller som brukarstyrt assistanseordningar (BPA i brukar sin heim).
Tenestemottakarane har av ulik grad av behov for bistand i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag
hjelpe til med daglege gjeremål
legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag.
Me tilbyr
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
gode pensjons- og forsikringsordningar
løn etter tariff
personleg assistent blir løna etter relevant utdanning
startløn etter 6 års ansiennitet for søkarar med fagbrev / høgskuleutdanning
ekstra laurdags- og søndagstillegg med kr 10 over tariff
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Du kan søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev, det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med menneske og er eigna for oppgåvene.
Du er ein trygg og positiv person som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for brukarar og kollegaer.
Personlege eigenskapar
Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:
imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig
fleksibel og løysningsorientert
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato
Det ynskjeleg med førarkort klasse B.
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
tariffavtale
collective agreement
politiattest
police certificate (criminal record check)
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
fleksibel
flexible
erfaring
experience
stilling
position / job
fagbrev
trade certificate (vocational)
du har
you have
norsk
Norwegian
kveld
evening
ledig
vacant
du er
you are
natt
night
helg
weekend
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester, Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester jobs, Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester Aurland, jobs in Aurland, Aurland kommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Aurland