Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Kristiansund?
Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Les meir om Kristiansund her: VISIT KRISTIANSUND
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som tannlege.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
kjenner stoltheit for tannhelsefaget
trivst med å jobbe med og for menneske
jobbar effektivt og sjølvstendig
har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Ein god jobb der du kan utvikle deg
Lønn etter avtale
Ny og moderne tannklinikk
Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk
Trivelege medarbeidarar og godt miljø
Introduksjonsprogram
Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
Flyttetilskot
Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Fosnagata 12
6509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5199678975
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
lønn etter avtale
salary by agreement
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
vi søker
we are looking for
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
ledig
vacant
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Where this job is: Kristiansund, Møre og Romsdal county
Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk, Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk jobs, Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk Kristiansund, jobs in Kristiansund, Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Kristiansund