Original text in Norwegian, as published by the employer.
Ortopdiske leger ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) – har ledig ei fast 100 % stilling og to vikariat i 100 % for Lege i spesialisering ortopedi.
Vil du bli ortoped i eit aktivt og framtidsretta kirurgisk fagmiljø? Vi søkjer engasjerte og fagleg motiverte legar i spesialisering (LIS3) til ortopedisk seksjon ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Vi tilbyr ei fast 100 % stilling og to 100 % vikariat som Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Hos oss blir du ein del av eit stort og aktivt ortopedisk fagmiljø med høg operativ aktivitet, brei fagleg kompetanse og gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Vi legg vekt på at LIS-legane våre skal få ei strukturert, variert og operativt orientert spesialistutdanning, med gradvis aukande sjølvstende og tett samarbeid med erfarne ortopediske kirurgar.
Tilsetting i fast stilling frå november 2026, i vikariata tilsetting etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Klinisk arbeid ved ortopedisk sengepost og poliklinikk
Deltaking ved elektive og akutte ortopediske operasjonar
Utgreiing, diagnostikk og behandling av ortopediske pasientar
Deltaking i ortopedisk vaktordning ved SNR Hjelset
Mottak og behandling av traumepasientar
Deltaking i internundervisning, fagutvikling og kvalitetsforbetringsarbeid
Bidra til godt samarbeid mellom dei ulike yrkesgruppene i pasientbehandlinga
Aktiv deltaking i eiga spesialistutdanning og dokumentasjon av oppnådde læringsmål
Arbeidet inneber teneste ved både SNR Hjelset og SNR Kristiansund, i samsvar med seksjonen sine arbeidsplanar og utdanningsløp.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført og godkjend LIS1-teneste, eller tilsvarande teneste godkjend etter gjeldande regelverk
Interesse for ortopedisk kirurgi og ønske om spesialisering innan fagområdet
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Tidlegare erfaring frå ortopedisk eller kirurgisk verksemd er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Har interesse og motivasjon for kirurgisk arbeid
Er lærevillig, fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle operative ferdigheiter
Arbeider strukturert og tek ansvar
Trivst i eit aktivt klinisk miljø med varierte arbeidsoppgåver
Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Er oppteken av god pasientbehandling og pasienttryggleik
Ønskjer å bidra til fagleg utvikling, undervisning og kvalitetsforbetring
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
Spesialistutdanning – vi satsar på LIS-legane våre
Vi har ein strukturert utdanningsplan for spesialisering i ortopedisk kirurgi. Utdanningsløpet omfattar fagrotasjonar, systematisk supervisjon, individuell rettleiing og planlagd progresjon innan operative ferdigheiter.
Som LIS3 hos oss får du:
Brei erfaring innan både akutt og elektiv ortopedisk kirurgi.
Planlagde fagrotasjonar med definerte læringsmål.
Moglegheit for gradvis aukande operativt ansvar og sjølvstende.
Regelmessig internundervisning og faglege diskusjonar.
Individuell utdanningsplan og fast rettleiar
Deltaking i tverrfagleg samarbeid og traumebehandling.
Moglegheiter for simulering og kirurgisk ferdigheitstrening.
Tilrettelegging for nødvendige kurs og utdanningsaktivitetar
Utdanninga blir hovudsakleg organisert i seksmånaders fagrotasjonar.
Det blir lagt til rette for nødvendig høgspesialisert teneste ved universitetssjukehus som ein del av spesialistutdanninga.
Vi ønskjer at LIS-legane våre skal utvikle tryggleik, gode kirurgiske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og eit solid fagleg fundament.
Forsking, innovasjon og moderne kirurgisk teknologi:
Ortopedisk seksjon ved SNR har eit aktivt forskingsmiljø med fleire doktorgradar, pågåande doktorgradsprosjekt og kliniske forskingsstudiar.
Gjennom forskingsmiljøet MORE – Møre og Romsdal Orthopaedic Research Group arbeider vi med klinisk ortopedisk forsking, kvalitetsforbetring og utvikling av framtidas behandlingstilbod.
Vi har særleg aktivitet innan protesekirurgi, behandlingsresultat, kliniske studiar og moderne kirurgisk teknologi.
SNR har teke i bruk robotassistert kneprotesekirurgi og har eit fagmiljø som arbeider aktivt med vidareutvikling av robotkirurgi, simulering og innovasjon.
For LIS-legar med forskingsinteresse finst det moglegheiter for å delta i pågåande prosjekt og utvikle eigne forskingsaktivitetar.
Seksjonen deltek òg i utdanninga av medisinstudentar frå NTNU.
Om ortopedisk seksjon ved SNR:
Ortopedisk seksjon er ei av dei største operative verksemdene ved SNR og står for om lag halvparten av den kirurgiske aktiviteten ved sjukehuset.
Den ortopediske verksemda er organisert som éin samla seksjon med aktivitet ved både SNR Hjelset og SNR Kristiansund.
Seksjonen har eit breitt ortopedisk behandlingstilbod og eit etablert fagmiljø med om lag 14 overlegar og 8 LIS3-legar.
SNR Hjelset er hovudarena for akutt ortopedi, traumatologi, større elektiv kirurgi, sengepostarbeid og vaktverksemd.
SNR Kristiansund er ein viktig arena for elektiv ortopedisk kirurgi, avansert dagkirurgi og poliklinisk verksemd.
Seksjonen har brei aktivitet innan mellom anna:
Traumatologi og brotbehandling
Hofte- og kneprotesekirurgi, inkludert robotassistert kirurgi
Artroskopisk kirurgi og idrettstraumatologi
Skulder- og olbogekirurgi
Handkirurgi
Fot- og ankelkirurgi
Ryggkirurgi
Barneortopedi
Infeksjonskirurgi og revisjonskirurgi
Den store variasjonen i pasientgrunnlag og operative prosedyrar gir eit godt utgangspunkt for ei allsidig spesialistutdanning. Om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har verksemd ved Hjelset og Kristiansund og tilbyr spesialisthelsetenester til befolkninga i Nordmøre og Romsdal. SNR Hjelset er eit moderne akuttsjukehus med gode fasilitetar for diagnostikk, behandling og kirurgisk verksemd. I Kristiansund er det omfattande elektiv og poliklinisk verksemd. Nordmøre og Romsdal byr på vakker natur, eit rikt kulturliv og gode moglegheiter for friluftsaktivitetar. Her ...[TRUNCATED]
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Kristiansund is in Møre og Romsdal county (273,169 residents, 133,756 jobs by workplace). Read the Møre og Romsdal guide →
The field: Health & social care has 3,326 live ads in Norway and 212 in Møre og Romsdal county. Where demand is highest →
The niche: “Medical doctor” is niche #7 of 50 by openings (340 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Medical doctors) averages NOK 103,860 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
autorisasjon
professional authorisation (licence)
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
ledig
vacant
lege
medical doctor
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Where this job is: Kristiansund, Møre og Romsdal county
Lege i spesialisering ortopedi, Lege i spesialisering ortopedi jobs, Lege i spesialisering ortopedi Kristiansund, jobs in Kristiansund, Ortopediske leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Kristiansund