Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du jobbe med organisasjonsutvikling og HR i eit internasjonalt arbeidsmiljø?
Seksjon for verksemdstyring gir støtte til resten av Norec innan økonomi, rekneskap, arkiv, IKT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye verktøy for å effektivisere og digitalisere arbeidet, og vi ser stadig etter måtar å betre tenestene våre på.
Som seniorrådgivar blir du ein viktig støttespelar for leiarar og tilsette i Norec. Du skal arbeide både strategisk og praktisk med organisasjonsutvikling og HR. Oppgåvene spenner frå daglege rutinar til langsiktige prosessar som organisasjonsendringar, medarbeidarundersøkingar og partssamarbeid.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
bidra til å utvikle organisasjonen gjennom strategiarbeid, prosessleiing og medverknadsprosessar
arbeide med kompetanseutvikling og endringsleiing
vere HR-fagleg rådgivar for leiinga og dei tilsette
støtte leiinga i årlege prosessar, strategiske initiativ og endringsprosessar
bidra i rekrutteringsprosessar, personaladministrasjon og anna HR-relatert sakshandsaming
betre og effektivisere interne rutinar
Du må og rekne med andre oppgåver i seksjonen ved behov.
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Er du nysgjerrig på arbeidsmiljøet eller kulturen hos oss?
Ta gjerne kontakt med programrådgivar Eirik H. Walmsness på e-post.
Har du spørsmål om sjølve stillinga kan du kontakte seksjonsleiaren. Du finn kontaktinformasjonen nedst i annonsa.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant høgare utdanning på minst mastergradsnivå innan fagområde som leiing, organisasjonspsykologi, HR, økonomi eller administrasjon. Særleg relevant erfaring kan kompensere for ei anna utdanningsretning
minst åtte års relevant arbeidserfaring
erfaring med HR-fagleg leiarstøtte
kjennskap til offentleg og statleg forvaltning
erfaring med prosessleiing, organisasjonsutvikling og endringsprosessar
svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du har:
erfaring med leiarutvikling og leiaropplæring
HR-erfaring frå offentleg eller statleg sektor
god kjennskap til statleg lov- og avtaleverk.
Om deg
Vi ser etter deg som:
arbeider sjølvstendig, tek initiativ og tek ansvar for eiga fagleg utvikling
tek ansvar for framdrift i arbeidet
er løysingsorientert og samarbeider godt på tvers av fagområde og kulturar
er god på å bygge relasjonar og skape tillit hos leiarar og tilsette
er fleksibel og tilpassar deg skiftande behov i organisasjonen
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi legg vekt på personlege eigenskapar som respekt og openheit i møte med andre.
Vi tilbyr
moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
trening i arbeidstida
gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Det blir trekt 2 prosent av løna di til pensjonsordninga.
Stillinga er lønt som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med ei årsløn frå 604 300 til 840 000. Løna blir fastsett etter avtale og er avhengig av utdanning og erfaring.
Les dette før du søker:
I Norec trur vi at mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer på stillinga. Du må vere kvalifisert for stillinga. Vi inviterer alltid minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her.
Opplysningane du kryssar av for i søkjarportalen, blir berre brukte til å velje ut kandidatar etter desse kriteria og til anonymisert statistikk.
Når søknadsfristen er ute, lagar vi ei offentleg søkjarliste. Du kan be om å ikkje stå på lista, men då må du grunngi ønsket i søknaden. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan innvilge ønsket.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
kompetanse
competence / skills
arbeidstid
working hours
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
fleksibel
flexible
erfaring
experience
intervju
interview
ansvar
responsibility
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.