Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du vere med å utvikle framtidas bibliotek i Møre og Romsdal?
Biblioteka er viktige møteplassar for læring, leseglede, deltaking og fellesskap. Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til eittårig vikariat med snarlig tiltreding. Her får du vere med på å styrke bibliotektilbodet i fylket. Stillinga omfattar regionale utviklingsoppgåver, fagleg rådgiving til kommunane, prosjektleiing, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Du vil leie og delta i utviklingsprosjekt, planlegge og gjennomføre møte, kurs og andre kompetansehevande tiltak, og bidra i regionale og nasjonale satsingar. Gjennom samarbeid med folke- og skulebibliotek, kommunar og nasjonale fagmiljø skal du bidra til å utvikle biblioteka som relevante og inkluderande samfunnsarenaer for innbyggjarane i heile fylket.
Du kan ha arbeidsplassen din i Kristiansund, Molde eller Ålesund.
Arbeidsoppgåver
Leie og gjennomføre prosjektet «Boklek»
Koordinere dei regionale satsingane:
Tøyveskebibliotek
100 bøker før du er 6
Sommarles
Bidra inn i satsing på Skaperverkstad i biblioteka
Planlegge og gjennomføre kommunebesøk
Planlegge og gjennomføre biblioteksjefmøte, kurs- og kompetansehevande tiltak for skole- og folkebiblioteka
Delta i regionale- og nasjonale nettverk, som for eksempel «Spel i biblioteka» og "Demensvennlege bibliotek"
Bidra inn i nasjonale og regionale satsingar som Ibsen 200, Norge i 1000 år - Valldal 2029 eller andre verdiskapingsprogram.
Andre oppgåver etter behov i avdelinga
Kvalifikasjonar
høgare utdanning, minimum bachelor, innan bibliotekfag, humaniora eller kulturfag
Det er ønskeleg med
erfaring frå bibliotek
god digital kompetanse og interesse for digital formidling
erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
førarkort klasse B
Vi oppmodar nyutdanna om å søke!
Personlege eigenskapar
Du er
sjølvstendig og tek initiativ
løysingsorientert og evner å prioritere
ein lagspelar og gjennomførar
Vi tilbyr
ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
eit spennande arbeidsmiljø med kolleger med ulik utdanning og kompetanse innan kunst og kultur.
god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
lønn etter avtale
salary by agreement
stillingsprosent
position percentage (FTE)
pensjonsordning
pension scheme
søknadsfrist
application deadline
arbeidsgiver
employer
arbeidssted
workplace
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
bachelor
bachelor's degree
vi søker
we are looking for
du er
you are
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Rådgivar/spesialkonsulent bibliotekutvikling, Rådgivar/spesialkonsulent bibliotekutvikling jobs, Rådgivar/spesialkonsulent bibliotekutvikling Molde, jobs in Molde, Kulturområdet [kulturomradet], Møre og Romsdal fylkeskommune jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Molde