Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om avdelinga:
Kunne du tenkje deg ein variert og spennande arbeidskvardag i møte med barn og unge? Då er kanskje denne stillinga noko for deg.
Vi har frå 01.01.27 (eller tidlegare etter avtale) ledig to vikariat på 100%, som lærar ved skulen. Vi ser etter deg som er ein tydeleg, engasjert og trygg klasseleiar. Det er viktig at du er oppteken av å bidra inn i fellesskapet vårt, med fokus på å skape god fagleg og sosial meistring for elevane våre.
Først litt om oss:
Landro skule ligg på Sotra, i Øygarden kommune, om lag 30 minutt køyring frå Bergen sentrum. Til skulekrinsen høyrer Solsvik, Vindenes, Landro og Angeltveit. Skulen er ein barneskule med om lag 260 elevar fordelt på 14 klassar.
Vi har fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø med høg grad av trivsel, både for elevar og tilsette. Vi er opptekne av laget rundt eleven, og alle tilsette jobbar som del av eit team.
Landro skule er framtidsretta, og har fokus på å skape ein praktisk og variert skulekvardag for elevane våre. I lærarrolla vil du få jobbe praktisk og variert, både som klasseleiar inn mot klasse, og på gruppe. I gruppetilbodet vil du jobbe med individuelt tilpassa undervisning inn mot ulike elevbehov.
Arbeidsoppgåver:
Planlegge og gjennomføre variert og tilpassa undervisning i tråd med læreplanen, både i klasse og på gruppe.
Jobbe for at elevane våre utviklar god fagleg og sosial kompetanse, gjennom tilpassa opplæring og systematisk oppfølging.
Skape eit inkluderande, og trygt og godt klassemiljø.
Vere ein trygg vaksen som bidreg til læring og trivsel for elevane våre.
Bidra i skulen sitt utviklingsarbeid inn mot ulike satsingsområde.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
Godkjent lærarutdanning.
Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har behov for heilskapleg tilrettelegging.
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Gode digitale dugleikar.
Eigenskapar:
Du er ein trygg klasseleiar, som skapar engasjement for læring og utvikling hos elevane.
Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar, samt har gode samarbeidsevner og kan samhandle strukturert i team.
Du har fagleg tyngde, viser omsorg, respekt og er open og trygg i møte med barn.
Du viser fleksibilitet og er oppteken av å finne løysingar.
Du meistrar godt å jobbe med varierte arbeidsoppgåver i ein innhaldsrik kvardag.
Du trivst med å jobbe i team, og vere ein viktig ressurs inn i laget rundt eleven.
Du er ein tydeleg, trygg og inkluderande vaksen.
Anna:
Vikariata er ledige frå 01.01.27 (evt. tidlegare etter avtale) til og med 31.07.27.
Det kan vere mogleg med ei utviding av vikariatet.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Anita Vabø, rektor
E-post: anita.vabo@oygarden.kommune.no
Mobil: 98870780
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-06 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Øygarden has 40,641 residents and 15,386 jobs by workplace; 53 job ads are live there today (3.4 per 1,000 jobs). Read the Øygarden guide →
The field: Education has 1,633 live ads in Norway and 182 in Vestland county. Where demand is highest →
The niche: “Primary and lower-secondary school teacher” is niche #9 of 50 by openings (287 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Primary school teachers) averages NOK 60,310 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation– Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
engasjement
fixed-term engagement
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
stilling
position / job
ansvar
responsibility
omsorg
care
du har
you have
ledig
vacant
du er
you are
søk
apply / search
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.