Stillinga er organisert i seksjon Sunnfjord og rapporterer til seksjonsleiar. Assisterande seksjonsleiar skal støtte seksjonsleiar i den daglege drifta og bidra til å møte dei aukande krava i ein kompleks og variert leiarkvardag.
Assisterande seksjonsleiar medverkar til effektiv arbeidsflyt og samhandling på tvers av avdelinga, seksjonane og linjeorganisasjonen. Stillinga omfattar samarbeid med fagområda kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Arbeidsoppgåvene kan endre seg basert på erfaringar med den ny organisasjonsstruktur.
Som assisterande seksjonsleiar er du ein sentral del av leiinga i seksjonen og skal bidra til samanheng, stabil drift og god oppfølging av medarbeidarar og operativ verksemd.
Arbeidsoppgåver
Vere stedfortredar for seksjonsleiar og delta i avdelinga si utvida leiargruppe.
Bidra til planlegging, bemanning, turnusarbeid og ressursstyring for å sikre forsvarleg drift og beredskap.
Følgje opp personalforvaltning, inkludert medarbeidardialog, sjukefråvær, medarbeidarsamtalar og oppfølging av nytilsette, studentar, lærlingar og vikarar.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom tett samarbeid med tilsette og vaktleiarar.
Delta i rekruttering, opplæring og systematisk kompetanseutvikling.
Medverke i beredskapsarbeid, risikovurderingar, kvalitetsforbetring og oppfølging av avvik.
Fremje samhandling på tvers av seksjonar og samarbeid med interne og eksterne aktørar.
Sikre god informasjonsflyt, kommunisere tydeleg og vere tett på drift ved avdelinga og seksjonen sine stasjonar.
Kvalifikasjonar
Relevant helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis på bachelorgrad eller høgare. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Leiar/administrativ kompetanse/erfaring er ønskjeleg.
Erfaring med turnusplanlegging, bemanningsstyring og personaloppfølging er ein fordel.
God digital kompetanse og erfaring med relevante system.
Erfaring med internkontroll, kvalitets- og forbetringsarbeid, inkludert avvikshandtering og oppfølging av tiltak er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
Strukturert, ansvarsbevisst og gjennomføringssterk.
Tydeleg og trygg i leiarrolla, med god vurderings- og beslutningsevne.
Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av fagmiljø.
Motiverer og utviklar medarbeidarar, og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø.
Fleksibel, løysingsorientert og komfortabel med høgt arbeidstempo.
Evne til å kombinere operativ nærleik med heilskapleg perspektiv og kontinuerleg forbetring.
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
Fagleg og personleg utvikling
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
John Andor Ellingsund, Seksjonsleiar, 415 30 506, john.andor.ellingsund@helse-forde.no
Leif Otto Halland, Kst avdelingssjef – prehospital avdeling, 415 30 504, leif.otto.halland@helse-forde.no
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5199521720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
arbeidsgiver
employer
godkjenning
approval / recognition
arbeidssted
workplace
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
oppstart
start
vitnemål
diploma / transcript
lønn
salary / pay
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Assisterande seksjonsleiar, Assisterande seksjonsleiar jobs, Assisterande seksjonsleiar Sunnfjord, jobs in Sunnfjord, Ambulanseområde Sunnfjord, Helse Førde jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Sunnfjord