Original text in Norwegian, as published by the employer.
Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg.
Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag.
Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule for skuleåret 2026/27 Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette.
Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule.
Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din.
Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg.
Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg!
Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav.
Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg.
Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag.
Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet.
Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn.
Alle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge.
Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet.
Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå!
Du er velkomen til å ta kontakt med ein av kontaktpersonane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| politiattest | police certificate (criminal record check) |
| engasjement | fixed-term engagement |
| kompetanse | competence / skills |
| vi tilbyr | we offer |
| utdanning | education |
| samarbeid | cooperation / teamwork |
| fleksibel | flexible |
| erfaring | experience |
| vitnemål | diploma / transcript |
| stilling | position / job |
| ansvar | responsibility |
| du er | you are |
| krav | requirements |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Tilkallingsvikar til Osterøyskulen 8.-10.trinn, Tilkallingsvikar til Osterøyskulen 8.-10.trinn jobs, Tilkallingsvikar til Osterøyskulen 8.-10.trinn Osterøy, jobs in Osterøy, Osterøy kommune jobs, Utdanning jobs Norway, stillinger Osterøy