Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland?
Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område.
Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å:
gi spesialpedagogisk og pedagogisk råd til skulen
utarbeide sakkunnige vurderingar og uttaler knytt til PPT sitt mandat
gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar
bidra til kompetanseutvikling i skulen med mål om å gi elevar eit best mogleg opplæringstilbod
arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande
samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnerar
gi rettleiing og arrangere kurs
utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Du må rekne med mykje reiseverksemd ut til samarbeidspartnerar i regionen frå Bømlo i nord til Odda i sør.
Kvalifikasjonar
utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi
god kjennskap til og erfaring frå vidaregåande opplæring
kjennskap til læreplanverket er ein fordel
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel
førarkort klasse B
det er krav om politiattest før tilsetjing
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som:
set elevane si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
har evne til å samarbeide, men òg arbeide sjølvstendig
er fleksibel, inkluderande og byggjer gode relasjonar med ungdom og kollegaer
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Meiningsfylt og givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring, i eit fagleg og sterkt tverrfagleg miljø.
Eit uformelt arbeidsmiljø der vi heiar på kvarandre, inkluderer kvarandre og løftar kvarandre fagleg.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
God offentleg tenestepensjon, ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg.
Gode forsikringsvilkår.
Stillingsnemning konsulent, rådgjevar, seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.
Referansenr.: 5195707385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
ledig
vacant
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.