Original text in Norwegian, as published by the employer.
Ørsta vidaregåande skule har no ledig 100% faglærarstilling innan helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeidsfag. Stillinga er knytt til både vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det kan også bli aktuelt med undervisning på vaksenopplæringa ved ressurssenteret vårt.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning innan vg2 barne og ungdomsarbeidarfag og vg1 helse- og oppvekstfag, og gjeldande læreplanar her. Avdelinga er spesielt ute etter kompetanse innan barnehagefeltet, og den som vert tilsett må ha utdanning og relevant nyare praksis og erfaring innanfor dette feltet. Dersom ein i tillegg har kompetanse og/eller erfaring innanfor spesialpedagogikk eller arbeid med fleirspråklege barn eller elevar, er dette også aktuelt. Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan helse og oppvekst. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule. Den som blir tilsett vil verte ein "spydspiss" innanfor utdanning av barne- og ungdomsarbeidarar, og vere ein pådrivar i den pedagogiske utviklinga av dette fagområdet. Dette inneber også utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Kjennskap til praksisfeltet i lokalområdet vil derfor vere ein fordel.
Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar, og det kan også vere aktuelt at ein tek ansvar for ekstra tilrettelegging for elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå. Variert og nyare erfaring frå fagfeltet blir vektlagt. For den som blir tilsett vil det bli stilt krav om å ha eller fullføre pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande).
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må ha gode relasjonsferdigheiter, og høge ambisjonar på vegne av elevane. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar. Du må vere ein tydeleg leiar i klasserommet som evnar å bygge gode og trygge læringsmiljø, i relasjon lærar - elev og elevane i mellom.
Vi tilbyr
Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar.
Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet.
Stilling med stor grad av fleksibilitet og variasjon mellom arbeidsoppgåver knytt til undervisning, arbeid med ungdom og samarbeid med arbeidslivet.
Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.
Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseuvikling for elevar og arbeidsliv.
Satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling, kurs og opplæring etter behov.
Ordna arbeidstid.
Offentleg tenestepensjon
Gode forsikringsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk.
I løpet av få år vil vi flytte inn i nye og moderne undervisningslokale i Ørsta kultur- og kompetansesenter.
Referansenr.: 5200897098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
kompetanse
competence / skills
arbeidstid
working hours
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
vi søker
we are looking for
praksis
practice / internship
ansvar
responsibility
ledig
vacant
krav
requirements
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid, Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid jobs, Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid Ørsta, jobs in Ørsta, Helse og oppvekst [helse_og_oppv], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta] jobs, Utdanning jobs Norway, stillinger Ørsta