Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som politifullmektig/politiadvokat med arbeidsstad i Ålesund. I tillegg kan det bli aktuelt å tilsetje ein kandidat i tilsvarande fast stilling i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Opplys i søknaden kva arbeidsstad(ar) som er aktuell(e) for deg.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til rettstryggleik og samfunnsoppdraget gjennom eit viktig og meiningsfullt arbeid med straffesaker. Saksmengda og kompleksiteten i porteføljen vil bli tilpassa erfaringa og kompetansen din, slik at du får gode moglegheiter til fagleg utvikling.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar mv. blir etterlevde.
Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar.
Møre og Romsdal byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikøyring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg som motiverast av å bidra til fellesskapen og rettstryggleiken gjennom arbeid med straffesaker.
Du er fleksibel, arbeider sjølvstendig og har gode evner til kommunikasjon og samarbeid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Bestått juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
Erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid
Prosedyreerfaring
Utvida påtalekompetanse og god porteføljestyring (krav for å bli vurdert som politiadvokat)
Arbeidsoppgåver
Påtaleansvarleg i tildelte saker
Handtering av eigen portefølje
Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
Utføre jourteneste etter tenesteplan
Etterforskningsleiing av straffesaker og påtalebehandling
Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
Kontakt med media
Kan av leiar påleggjast andre oppgåver
Personlege eigenskaper
For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du:
Har stor arbeidskapasitet og evne til å prioritere i ein travel arbeidskvardag
Er effektiv og har god evne til å ta avgjerder
Har evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø
er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, motivasjon, eignaheit i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
Dyktige kollegaer som vil ditt beste, både innan påtale, politi og sivil
Fast stilling som politifullmektig (stillingskode 0288) med årslønn frå kr 610 000 - 700 000 kr eller som politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn frå kr 700 000, for særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast.
Godtgjersle etter gjeldande ATB for påtalejuristar og kompenserast for tida med 44 708 kr per år
Medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
Fleksibel arbeidstid
Moglegheit for trening i arbeidstida
Tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi-og lensmannsetaten, herunder at prøvetida er seks måneder.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når man søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder i årsrapportane sine.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Ålesund has 59,663 residents and 35,031 jobs by workplace; 164 job ads are live there today (4.7 per 1,000 jobs). Read the Ålesund guide →
The field: Office & finance has 880 live ads in Norway and 29 in Møre og Romsdal county. Where demand is highest →
The niche: “Legal work” is niche #40 of 50 by openings (63 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Lawyers) averages NOK 88,610 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English– Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation– Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
fast stilling
permanent position
politiattest
police certificate (criminal record check)
kompetanse
competence / skills
arbeidstid
working hours
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
intervju
interview
vitnemål
diploma / transcript
søknad
application
ansvar
responsibility
master
master's degree
du har
you have
ledig
vacant
du er
you are
lønn
salary / pay
krav
requirements
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Where this job is: Ålesund, Møre og Romsdal county
Politifullmektig/politiadvokat, Politifullmektig/politiadvokat jobs, Politifullmektig/politiadvokat Ålesund, jobs in Ålesund, Møre og Romsdal Politidistrikt jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Ålesund