Original text in Norwegian, as published by the employer.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Om stillinga:
Vær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen For å sikre gode digitale løysingar søkjer UiB ny medarbeidar i si gruppe for informasjonssikkerheit og personvern. Gruppas primæroppgåver er å informere, kommunisere og gje opplæring innan informasjonssikkerheit og personvern, samt å arbeide operativt med informasjonssikkerheit. Gruppa har ansvar for å bidra til at UiB etterlev krav i personvernregelverk og andre krav til informasjonssikkerheit. Ho samarbeider tett med UiBs personvernombod og sikkerheitsleiar, samt med systemeigarar og forskarar. Vi er ute etter ein person som kan delta både i det formelle og i det operative arbeidet med beredskap, informasjonssikkerheit og personvern og bidra til å styrke vår kompetanse på området.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 130 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4200 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her: IT-avdelinga | UiB
Arbeidsoppgåver:
Fasilitere og gjennomføre risiko- og sårbarheitsvurderingar og delta i sikkerheitstestar
Sikre at UiB evner å følge opp tiltak avdekt gjennom risikovurderingar, revisjonar, m.v
Være pådrivar for å vidareutvikle metodeverk for risikostyring, og bidra til annan fagleg utvikling innan informasjonssikkerheit og personvern
Ha eit heilskapleg blikk på risikostyring knytt til system/løysingar i heile UiB si tenesteportefølje
Bidra i arbeidet med beredskap ved IT-avdelinga
Delta i forvalting av interne rutinar og regelverk, under dette Styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern
Bidra i kursing og foredrag om informasjonssikkerheit
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For stilling som rådgjevar blir det krevd minimum bachelorgrad innan relevant fagområde. For stilling som seniorrådgjevar blir det krevd mastergrad innan relevant fagområde. Realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning.
Oppdatert kompetanse og praktisk røynsle på risikoanalyse og -styring vert vektlagt
Kjennskap til moderne verktøy for risikovurdering
Kjennskap til universitets- og høgskolesektoren vil vere ein fordel
Grunnleggande kompetanse innanfor nytting av informasjonsteknologi og god kjennskap til styringssystem for informasjonssikkerheit, samt risikostyringsrammeverk og - metodikk, t.d. ISO-standardar
Sterk interesse for det digitale trusselbildet og utfordringar innan informasjonssikkerheit og personvern
Relevante sertifiseringar og/eller erfaring med å handsame hendingar innan IT-sikkerheit og å delta i beredskapsarbeid i komplekse organisasjonar vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Du skal kunne skape tillit i møte med ulike interessentar og fagmiljø
Vi søkjer ein person som er:
Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysingar
Påliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjon
Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse
Evne til å samarbeide og dele kunnskap og gjera problemstillingar knytt til informasjonssikkerheit lettare for andre å forstå
Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
Stilling som rådgjevar (kode 1434), løn kr 650.000 til 725.000 eller seniorrådgjevar (kode 1364), løn kr 725.000 til 850.000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
Fleksitid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no, tlf: 55 58 42 70) , eller Informasjonssikkerheitsleiar Bjørn Tore Sund (bjorn.sund@uib.no, tlf: 55 58 48 94).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan verte brukt ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
universitet
university
kompetanse
competence / skills
utdanning
education
erfaring
experience
intervju
interview
stilling
position / job
kunnskap
knowledge
engelsk
English
søknad
application
ansvar
responsibility
norsk
Norwegian
krav
requirements
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Sikkerheitsrådgjevar (IT), Sikkerheitsrådgjevar (IT) jobs, Sikkerheitsrådgjevar (IT) Bergen, jobs in Bergen, Universitetet i Bergen jobs, IT jobs Norway, stillinger Bergen