Original text in Norwegian, as published by the employer.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Førsteamanuensis
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, fagområde for helsevitenskap (HELSEVIT).
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Ved fagområdet helsevitenskap forskast og undervisast det mellom anna i arbeidshelse, primærkontaktrollen og undersøking og behandling i primærhelsetenesta, muskelskjeletthelse, og kvinnehelse. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Det vert lagt særlig vekt på god og oppdatert forståelse av muskelskjeletthelse fra et primærkontaktperspektiv.
Stillingens arbeidsstad er i Bergen.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.
Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til klinisk masterprogram i manuellterapi, ved Fagområde helsevitskap ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og (mastergrad i manuellterapi med gyldig autorisasjon som manuellterapeut) og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.
Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga.
Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar.
Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn er for tida kr 800 000 –820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
Fullstendig publikasjonsliste
Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte fagområdeleder Silje Mæland, Silje.Maeland@uib.no. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen, thomas.bentsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
fast stilling
permanent position
autorisasjon
professional authorisation (licence)
universitet
university
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
erfaring
experience
intervju
interview
bachelor
bachelor's degree
vitnemål
diploma / transcript
kunnskap
knowledge
norsk
Norwegian
ledig
vacant
ph.d
doctorate (PhD)
krav
requirements
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Førsteamanuensis i helsevitenskap, Førsteamanuensis i helsevitenskap jobs, Førsteamanuensis i helsevitenskap Bergen, jobs in Bergen, Universitetet i Bergen jobs, Utdanning jobs Norway, stillinger Bergen