Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede saman med kjekke kollegaer? Då kan dette vera stillinga for deg!
Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.
Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar.
Me søkjer etter:
100 % fast stilling som miljørettleiar, snarleg tiltreding etter avtale
årsturnus med dag og ettermiddags vakter, mogleg nattevakter og langvakter. Arbeid kvar 3 eller 4.helg.
Arbeidsoppgåver:
bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål
målretta miljøarbeid
team-arbeid og oppfylging av tiltaksplanar
medikamenthandtering
skapa tryggleik og struktur
delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening
praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar:
vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m)
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
er kreativ og likar å tenkje nytt
har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
arbeider sjøvstendig og tek ansvar
er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
er trygg, strukturert og målretta
har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar
Me tilbyr:
gode vilkår for fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
fadder-ordning i oppstartsfasen
yrkesskade- og gruppelivsforsikring
gode pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar kr 16 000,-
godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
fast stilling
permanent position
politiattest
police certificate (criminal record check)
engasjement
fixed-term engagement
bachelor
bachelor's degree
søknad
application
ansvar
responsibility
helg
weekend
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.