Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt?
Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen.
Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst er eit sentralt satsingsområde. Gjennom inkluderande leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar fremjar me tryggleik, tilhøyrsle, rørsleglede og meistring. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.
Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må kunne arbeide på småbarnsavdeling.
Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.
Arbeidsoppgåver
Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og årsplanen
Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar
Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette
Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne
Utvikle eit inkluderande leikemiljø og bidra til eit trygt lærings- og arbeidsmiljø
Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde
Sikre barna sin medverknad og leggje til rette for utvikling og meistring
Kvalifikasjonar
Godkjend barnehagelærarutdanning, eller anna utdanning som etter gjeldande regelverk kvalifiserer for stillinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må dokumentere godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Relevant erfaring frå arbeid i barnehage vil bli vektlagd
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Det er ønskjeleg med kunnskap om småbarnspedagogikk og erfaring frå arbeid med dei yngste barna
Er sjølvstendig og trygg i rolla og kan ta ansvar for å organisere og leie teamet i samarbeid med pedagogisk leiar
Gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjon
Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Trygg, omsorgsfull og nærverande i møte med barna
Ser kvart enkelt barn og set barna sine behov i sentrum
Fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis
Positiv, løysingsorientert og engasjert
Sjølvstendig og ansvarsbevisst i det daglege arbeidet
Evne til å ta initiativ og leie aktivitetar og pedagogisk arbeid ved behov
Bidreg aktivt til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø prega av respekt og open dialog
Møter barn, føresette og kollegaer med respekt og rausheit
Motivert for å bidra til utvikling av barnehagane
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Kva vi tilbyr
Stillingsbrøk 100%
Løn etter gjeldande tariffavtale
Eit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeid
Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
Gratis barnehage
Ei triveleg bygd å bu i
Viktig:
CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The niche: “Kindergarten teacher” is niche #6 of 50 by openings (378 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Early childhood teachers) averages NOK 53,250 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation– Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
stillingsprosent
position percentage (FTE)
søknadsfrist
application deadline
tariffavtale
collective agreement
politiattest
police certificate (criminal record check)
godkjenning
approval / recognition
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
barnehage
kindergarten
vikariat
temporary cover (substitute)
erfaring
experience
vitnemål
diploma / transcript
kunnskap
knowledge
praksis
practice / internship
ansvar
responsibility
omsorg
care
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune, Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune jobs, Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune Valle, jobs in Valle, Valle kommune jobs, Utdanning jobs Norway, stillinger Valle