Original text in Norwegian, as published by the employer.
Bli ringevikar i Skjold barnehage!
Me har behov for engasjerte og fleksible ringevikarar som kan stille på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom med friår som ynskjer å jobbe med barn? Eller kanskje er du heimeverande og kunne tenkje deg ein meiningsfull og variert jobb i eit triveleg miljø? Arbeidet vil vere på ulike avdelingar, både med småbarn og storbarn. Me ser etter deg som har lyst til å bidra, saman med eit fagleg sterkt og inkluderande personalteam.
Me kan tilby:
Ein jobb med meinig og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong med den nye rolla di.
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
Du har lyst og interesse for å arbeide med barn.
Du er personleg eigna for å jobba i barnehage.
Erfaring med å jobba med born er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar:
Du er positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik, og er villig og positiv til å arbeide med fleire aldersgrupper.
Du må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
Du må kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kolleger.
I Vindafjord nyttar me nynorsk som skriftspråk, og du må kunne prata og forstå godt norsk.
Personlege egenskaper vert vektlagt.
Andre opplysningar:
Skjold barnehage har åtte avdelingar, og ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
Me har eit aktivt og engasjert personale, med fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
politiattest
police certificate (criminal record check)
kompetanse
competence / skills
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
barnehage
kindergarten
erfaring
experience
oppstart
start
intervju
interview
vitnemål
diploma / transcript
tariff
collective agreement scale
omsorg
care
du har
you have
norsk
Norwegian
du er
you are
lønn
salary / pay
søk
apply / search
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.