Original text in Norwegian, as published by the employer.
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 100% fast stilling (+ 3% vaktstilling) som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Brannkonstabelen utgjer ein del av dagberedskapen.
Hovudstillinga som brannkonstabel inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går du i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.
Arbeidsstad Brannstasjonen på Moberg
Arbeidsoppgåver:
brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
instruktør/ kurshaldar
informasjon- og motivasjonsarbeid retta mot barn og unge
drift og vedlikehald av utstyrsparken
fagansvar for tildelt fagfelt
halde seg oppdatert på IKT-system og HMS-føringar
bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida. Du må ha bustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til brannstasjonen etter gjeldande brannordning.
Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest
Kvalifikasjonar:
du har fullført fagskoleutdanning fra brann og redningsskolen eller grunnkursopplæring fra brann- og redningsskolen (heltids grunnkurs, deltids grunnkurs påbegynt før 1.3.2022 eller tilsvarende yrkesutdanning for brannkonstabel jf. Brann og redningsvesensforskriften § 37)
du må ha god fysisk og psykisk helse
du må kunne tilfredstille krava til å vere røykdykkar
du må ha minimum førarkort klasse B
du må pårekne å ta førarkort klasse C for eigen rekning innan 1 år om du ikkje har dette fra før
du må vere svømmedyktig
du må ha gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar
Det er ønskjeleg at du har:
erfaring frå beredskapsarbeid
kode 160
redningsdykkarkompetanse
førarkort BE
båtførarprøven
førstehjelpskompetanse
avtent førstegongsteneste
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team. Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak. Vi gjer merksam på at det kan avtalast bindingstid dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte til opplæring. Bindingstida kan vere på inntil to år, jf. Hovudtariffavtalen.
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Trening i arbeidstida
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Lønn etter gjeldande avtalar
Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-08 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Bjørnafjorden has 26,753 residents and 9,188 jobs by workplace; 45 job ads are live there today (4.9 per 1,000 jobs). Read the Bjørnafjorden guide →
The field: Security & emergency has 130 live ads in Norway and 22 in Vestland county. Where demand is highest →
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
pensjonsordning
pension scheme
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
politiattest
police certificate (criminal record check)
kompetanse
competence / skills
vi tilbyr
we offer
utdanning
education
erfaring
experience
du har
you have
ledig
vacant
lønn
salary / pay
hms
HSE (health, safety and environment)
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Er du vår nye brannkonstabel?, Er du vår nye brannkonstabel? jobs, Er du vår nye brannkonstabel? Bjørnafjorden, jobs in Bjørnafjorden, Bjørnafjorden kommune Brann og redning jobs, Sikkerhet og beredskap jobs Norway, stillinger Bjørnafjorden