🆕 Work guides: live jobs + official data, law, permits, pay and cost of living. Norway · Oslo · Akershus · all 15 counties → · 50 largest cities + map · 100 largest companies · 50 best job niches
🌍 Europe → 🇳🇴 Norway → Rogaland → Hjelmeland
← All Jobs in Norway

Er du klar for ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage
📍 Ramsbu 35, 4130 Hjelmeland🕐 Heltid📄 Fast🏛 Offentlig⏳ Apply by 2026-11-20
📍 More jobs in Hjelmeland🧭 Rogaland county guide🗂 Education jobs in Rogaland🇳🇴 Education across Norway⭐ Niche #6: Kindergarten teacher

Job Description

Original text in Norwegian, as published by the employer.

Vil du bli med på laget i Hjelmelandsbarnehagen? Som eit ledd i å auke andelen barnehagelærare i tråd med nasjonale mål, har me ledig fast stilling i 100 % frå januar 2027. 

Hjelmeland barnehage er under utbygging og me skal i løpet av januar "fusjonera" frå to til eitt bygg. Utbyggingsdelen vert den nye administrasjonsavdelinga, der det vert gode fasiliteter for tilsette, med blant anna felleskontor for barnehagelærare. 

I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» er det eit viktig mål å gje barn gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me arbeidar heile tida for å vera i fagleg utvikling.

Me søkjer ein barnehagelærar som gjennom sitt engasjement og faglege grunnlag er med på å skapa ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barn. Som barnehagelærar vil du vera med å ha ansvar for den faglege tilrettelegginga i arbeidet. Stillinga inneber ikkje personalansvar. 

Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- sikra gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- planleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske arbeidet
- skapa eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- bidra til å planleggja og evt. gjennomføra foreldresamtalar
- bidra til eit godt samarbeid med andre tenester
- bidra til å rettleia og støtta medarbeidarar i det pedagogiske/metodiske arbeidet
- vera oppdatert og vidareutvikla fagleg kompetanse

Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova §25
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28

Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.

Apply on official site →   View on Arbeidsplassen.no

This job in context

What the ad text says (keyword check, not a legal reading)

– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation– Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid

Before you apply

Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)

NorwegianEnglish
fast stillingpermanent position
tariffavtalecollective agreement
politiattestpolice certificate (criminal record check)
engasjementfixed-term engagement
kompetansecompetence / skills
utdanningeducation
samarbeidcooperation / teamwork
fleksibelflexible
barnehagekindergarten
vitnemåldiploma / transcript
kunnskapknowledge
pensjonpension
søknadapplication
ansvarresponsibility
omsorgcare
du haryou have
ledigvacant

Does this salary work here? (estimate)

Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.

Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.

OsloRogalandMøre og RomsdalNordlandØstfoldAkershusBuskerudInnlandetVestfoldTelemarkAgderVestlandTrøndelagTromsFinnmarkOsloBergenTrondheimStavangerBærumKristiansandDrammenAskerLillestrømFredrikstadSandnesTromsøSandefjordNordre FolloSarpsborgTønsbergÅlesundSkienBodøMossLørenskogLarvikIndre ØstfoldArendalUllensakerKarmøyØygardenHaugesundPorsgrunnRingsakerHamarMoldeHaldenRingerikeGjøvikAskøyAlverLillehammerSolaKongsbergLierEidsvollHortenFærderHolmestrandBjørnafjordenNittedalRanaGrimstadHarstadOsloBergenTrondheimStavangerKristiansandTromsøÅlesundBodø
Where this job is: Hjelmeland, Rogaland county

Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.

Open the detailed street map →

Related Searches

Er du klar for ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?, Er du klar for ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag? jobs, Er du klar for ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag? Hjelmeland, jobs in Hjelmeland, Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage jobs, Utdanning jobs Norway, stillinger Hjelmeland

More Real Openings in This Field

Pedagogisk leder
Sunde og Kvernevikbarnehagene (5), Stavanger kommune · Stavanger
Skolert søker lærer i Bergen
Skolert As · Bergen
Kulturskolelærer fløyte (vikariat 35%)
Kulturskolen, Porsgrunn kommune · Porsgrunn
Stipendiat i rehabilitering etter hjerneslag
NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet · Trondheim
Pedagogisk leder og barnehagelærer
Sør-Varanger kommune Skytterhusfjellet barnehage · Sør-Varanger

More jobs at Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland
Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland

More Education jobs in Hjelmeland

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage
Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage
Bli med oss på laget!
Hjelmeland kommune Hjelmeland skule
Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland kommune Fister barnehage