Original text in Norwegian, as published by the employer.
Om stillinga
Vi søker ein dyktig og motivert jurist til juridisk seksjon i Arbeidsmarknadsavdelinga.
Seksjonen består i dag av ti juristar med solid erfaring.
Arbeidsoppgåver
Seksjonen har ansvar for eit breitt spekter av regelverk på ulike område av arbeidsmarknaden. Dette omfattar mellom anna reglane om dagpengar ved arbeidsløyse og permittering og regelverket for arbeidsmarknadstiltak. Seksjonen har òg ansvar for EØS-reglane om fri rørsle for personar og føresegnene i utlendingslova om arbeidsinnvandring frå tredjeland.
Andre ansvarsområde er mellom anna lov om allmenngjering av tariffavtalar, lov om statsgaranti for lønskrav ved konkurs med meir og dei alminnelege aldersgrensene i arbeidslivet.
Vi søker ein erfaren og kompetent juridisk fagdirektør innan utlendingsfeltet.
Kva slags bakgrunn har du?
Du har
juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
solid og brei erfaring frå utlendingsfeltet, med særleg kompetanse innan arbeidsinnvandring frå tredjeland
god kjennskap til EØS-reglane om fri rørsle for personar
erfaring med lov- og forskriftsarbeid i departement
erfaring frå direktorat eller anna underliggande verksemd
erfaring med prosjektleiing i større prosjekt
svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Kven ser vi etter?
Du
har godt juridisk skjønn, er strukturert og arbeider sjølvstendig
har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom fag og politikk
set deg raskt inn i nye problemstillingar, tenker heilskapleg og bidrar i tverrfaglege samanhengar
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.
Kva får du hos oss?
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar på komplekse og utfordrande fagområde.
Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
Lønn vil ligge mellom 900 000 og 1 070 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane og erfaringa di.
Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommar- og vintertid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden.
Du får også høve til å trene i arbeidstida.
Les dette før du søker
Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
Arbeidsspråket er norsk.
Andre vilkår
Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
kompetanse
competence / skills
erfaring
experience
intervju
interview
vitnemål
diploma / transcript
vi søker
we are looking for
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
lønn
salary / pay
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Fagdirektør, Fagdirektør jobs, Fagdirektør Oslo, jobs in Oslo, Arbeids- og inkluderingsdepartementet jobs, Kontor og økonomi jobs Norway, stillinger Oslo