Original text in Norwegian, as published by the employer.
Rådgivar/seniorrådgivar - helse
Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din på ein ny måte?
Vi har no ledig ei fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse. Vi søkjer etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet
Om seksjon for helse
Seksjon for helse arbeidar for berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester. Vi har ansvar for oppfølging av kommunale tenester, helsepersonell, tilskotsordningar, miljørettet helsevern og helseberedskap. Seksjonen samarbeidar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettssikkerheit. Arbeidet vårt er samfunnsaktuelt – og du får moglegheit til påverke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene utover enkeltsaker. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, legar, vernepleiarar og sjukepleiarar.
Arbeidsoppgåver
Din sykepleiefaglege kunnskap og erfaring frå korleis tenestene fungerer i praksis, er viktig når vi analyserer saker, vurderer faktiske forhold og tek stilling til om helsehjelpa er gitt i samsvar med krav i lovverk og faglege standardar. I denne stillinga får du difor om anna arbeide med
saksbehandling av klage- og tilsynssaker etter helse- og omsorgslovgivninga, inkludert utgreiing av saka og utarbeiding av forslag til vedtak
rettleie verksemder, helsepersonell og pasientar/pårørande
bidra til læring og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstenestene gjennom tilsyn
bidra med faglege innlegg og opplæring.
delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde
Mange saker krev at du raskt kan setje deg inn i problemstillingar og gjer gode vurderingar innan gitte fristar. Nokon saker er meir komplekse og krev grundigare analysar og samarbeid med kollegaer frå ulike fagområde.
Kvalifikasjonar
Du har
norsk autorisasjon som sjukepleiar
minimum tre års nyare klinisk erfaring frå kommune- og/eller spesialisthelsetenesta
god kjennskap til relevant helselovgiving og trivst med å nytte regelverket i praktiske og faglege vurderingar
kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk med både offentlege instansar og brukarar
Personlege eigenskapar vektleggast. Du
kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar
likar å jobbe analytisk og sjå etter samanhengar
samarbeider godt og deler kompetanse
trivast med saksbehandling
Det er en fordel at du har
erfaring frå saksbehandling innan helse- og omsorgstenester
relevant vidareutdanning, te døme i helserett og/eller forvaltningsrett
For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha
relevant arbeidserfaring innan eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde
Hos oss får du
ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik
stor mogligheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver
naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 760.000,-. Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som 1364 seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid.
medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosentav løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- ogforsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise) Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.(https://www.statsforvalteren.no/mr) Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø. Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste. Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur». Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 15.11.2026
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Molde has 33,291 residents and 19,644 jobs by workplace; 62 job ads are live there today (3.2 per 1,000 jobs). Read the Molde guide →
The field: Health & social care has 3,326 live ads in Norway and 212 in Møre og Romsdal county. Where demand is highest →
The niche: “Nurse” is niche #1 of 50 by openings (877 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Nursing professionals) averages NOK 65,070 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English– Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
det er en fordel
it is an advantage
fast stilling
permanent position
søknadsfrist
application deadline
autorisasjon
professional authorisation (licence)
arbeidsgiver
employer
godkjenning
approval / recognition
kompetanse
competence / skills
arbeidstid
working hours
utdanning
education
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
prøvetid
probation period
attester
certificates / testimonials
vitnemål
diploma / transcript
kunnskap
knowledge
praksis
practice / internship
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
du er
you are
krav
requirements
cv
CV / résumé
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Rådgivar/seniorrådgivar - helse, Rådgivar/seniorrådgivar - helse jobs, Rådgivar/seniorrådgivar - helse Molde, jobs in Molde, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Molde