Original text in Norwegian, as published by the employer.
Me søker etter engasjerte og trygge medarbeidar til to faste nattevaktstillingar i vårt bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar. Her bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. Som nattevakt vil du vere ein nøkkelperson i å sikre ro, tryggleik og nødvendig oppfølging på nattestid.
Me har ledig to faste stillingar på ca. 65% og 28% med arbeid 3. kvar helg.
Kva får du jobba med hos oss?
Miljøarbeid
Tilrettelegging, bidra til tryggleik, ro og meistring for bebuarane
Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
Samarbeid
Dokumentasjon av observasjonar og tiltak, bidra til god informasjonsflyt mellom vaktene.
Me kan tilby:
Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og frisk treningssenter tilbyr rabatt på treningssenter.
Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Dei som kvalifiserar for stillingskode som miljøterapeut vil bli lønna kr. 10.000,- over KS garantilønnsregulativ.
For relevant vidareutdanning gis det kompetansetillegg, f.eks. 60 studiepoeng gir kr. 20.000,- i kompetansetillegg per år i 100% stilling.
Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
Kandidatar med vidareutdanning innan rus og psykiatri oppfordrast til å søka.
Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
Robust, trygg og open personlegheit.
God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
tiltredelse
start date (taking up the post)
samarbeid
cooperation / teamwork
erfaring
experience
intervju
interview
vitnemål
diploma / transcript
stilling
position / job
tariff
collective agreement scale
omsorg
care
du har
you have
norsk
Norwegian
ledig
vacant
lønn
salary / pay
helg
weekend
krav
requirements
søk
apply / search
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Likar du å jobbe på natt?, Likar du å jobbe på natt? jobs, Likar du å jobbe på natt? Vindafjord, jobs in Vindafjord, Vindafjord kommune Rus og psykiatri jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Vindafjord