Original text in Norwegian, as published by the employer.
Me søkjer to helsefagarbeidarar i stillingar på 80–100 prosent ved Ølen omsorgssenter på korttid/rehabiliteringsavdelinga.
Hos oss møter du menneske med ulike behov og får bruka både fagkunnskapen og omsorga di. Arbeidsdagane er varierte, og saman med kollegaene dine bidreg du til gode tenester og trygg oppfølging.
Om Ølen omsorgssenter
Ølen omsorgssenter har ei somatisk langtidsavdeling med 15 plassar og ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Me driv òg natteneste på institusjonen og nattpatrulje. Kvar avdeling har sin eigen avdelingsleiar, som du har tett kontakt med.
På huset finn du heimeteneste, dagsenter for eldre, fysioterapi- og ergoterapiteneste og vaksinekontor. Me har tilsynslege to gonger i veka og eit eige produksjonskjøkken som lagar mat til bebuarane våre og heimebuande i Vindafjord kommune.
Kvar avdeling har ein servicemedarbeidar som tek seg av praktiske oppgåver. Det gir deg som helsepersonell betre høve til å konsentrera deg om dei faglege oppgåvene. Konsulentfunksjonar hjelper mellom anna til med innleige og innkjøp.
Me nyttar pasientvarslingssystem, mellom anna RoomMate, og IKOS-tavler i det daglege arbeidet.
Kva skal du gjera?
Kvalifikasjonar:
Er du ferdig med fagbrevet i løpet av våren 2027? Då oppmodar me deg òg til å søkja!
Kven ser me etter:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kva kan me tilby?
Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver i eit positivt miljø, god opplæring og samarbeid med andre fagpersonar. Du får faglege utfordringar og høve til å utvikla deg. Arbeidsgivar søkjer kompetansemidlar som kan støtta deg i utdanningsløp.
Me har årsturnus og fleire moglegheiter for vaktordning: Du kan ha langvakter i kombinasjon med ordinære vakter, langvakter berre i helg eller berre ordinære vakter.
Me ønskjer å ha det høgt under taket og kort veg til engasjerte leiarar som lyttar til ideane dine. Det er viktig for oss at du har eit arbeid som motiverer og engasjerer. Me har og desse tilsettgodene:
Løn og tillegg
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. I tillegg tilbyr me:
Andre opplysningar
Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.
Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.
Slik søkjer du
Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Dersom du ikkje har dei elektronisk eller i rett format, må du ta dei med til intervju.
Treng du hjelp til å søkja, kan du kontakta servicetorget på telefon 53 65 65 65. Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt med deg før ei eventuell offentleggjering.
Har du spørsmål om stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt. Du kan òg sjå Facebook-sida vår for å bli betre kjend med oss. Me er i utvikling og ønskjer å høyra frå deg som vil vera med og gjera ein forskjell i eldreomsorga!
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Apply on official site → View on Arbeidsplassen.no
| Norwegian | English |
|---|---|
| politiattest | police certificate (criminal record check) |
| autorisasjon | professional authorisation (licence) |
| kompetanse | competence / skills |
| samarbeid | cooperation / teamwork |
| fleksibel | flexible |
| erfaring | experience |
| intervju | interview |
| vitnemål | diploma / transcript |
| tariff | collective agreement scale |
| omsorg | care |
| du har | you have |
| norsk | Norwegian |
| helg | weekend |
| søk | apply / search |
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Click a county or a city. Counties: Oslo · Østfold · Akershus · Buskerud · Innlandet · Vestfold · Telemark · Agder · Rogaland · Vestland · Møre og Romsdal · Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark.
Ønskjer du ein variert og spanande kvardag?, Ønskjer du ein variert og spanande kvardag? jobs, Ønskjer du ein variert og spanande kvardag? Vindafjord, jobs in Vindafjord, Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Vindafjord