Original text in Norwegian, as published by the employer.
Gode heimetenester handlar om å skapa tryggleik for menneske som bur heime – og om å gi medarbeidarane gode rammer for å gjera ein viktig jobb. No søkjer Vindafjord kommune ein soneleiar som vil leia medarbeidarane og vera med på å utvikla tenestene i indre sone. Her får du kombinera leiing, fag og utviklingsarbeid, og du blir ein del av leiarteamet i heimetenesta.
Som soneleiar har du ansvar for dagleg drift, fag, personal og bidra til god økonomistyring. Du skal sikra forsvarlege tenester, leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø og bidra til god bruk av ressursane. Me ser etter deg som er trygg og tydeleg, samarbeider godt og finn løysingar når behova endrar seg. Stillinga er på dagtid, fast og i 100 %. Med ansvar for både heimetenesta og praktisk bistand i indre sone.
Om oss
Indre sone er ei av to soner i heimetenesta i Vindafjord kommnune. Indre sone gir heimetenester til innbyggjarar i Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland. Du får leia fleksible medarbeidarar med høg fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Me er opptekne av korleis velferdsteknologi kan gjera kvardagen betre for både brukarane og medarbeidarane. Som soneleiar får du vera med på å ta i bruk og utvikla nye løysingar.
Kva får du jobba med hos oss?
Leia og følgja opp medarbeidarane, mellom anna gjennom medarbeidarsamtalar, kompetanseutvikling og oppfølging av sjukefråvær.
Planleggja og organisera den daglege drifta og følgja opp økonomi og ressursbruk.
Sikra fagleg forsvarlege tenester og følgja opp kvalitets- og forbetringsarbeid.
Delta i leiarteamet saman med andre leierar i heimetenesta.
Planleggja, utarbeiding og følgja opp turnus, årsturnus og bemanning i samarbeid med medarbeidarar og tillitsvalde, i tråd med tenestebehov og gjeldande lov- og avtaleverk.
Ta i bruk og vidareutvikla velferdsteknologi og rettleia medarbeidarane i bruk av nye løysingar.
Sikra god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Ha ansvar for tilsetjing og oppfølging av støttekontaktar.
Leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø.
Det vil kunne bli tilført oppgåver etter behov.
Rapportere til einingsleiar.
Me kan tilby:
Ei fast 100 % leiarstilling med varierte oppgåver.
Moglegheit til å påverka organiseringa og utviklinga av heimetenesta.
Samarbeid med engasjerte kollegaer.
Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Det er ønskeleg med leiarutdanning eller leiarerfaring, erfaring frå helse-og omsorgstenester og/ eller kjennskap til turnusplanlegging og relenat lov- og avtaleverk.
Du må beherska godt norsk og kommunisere tydeleg og godt både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Førarkort klasse B.
God digital kompetanse og interesse for velferdsteknologi.
Det er ønskeleg med leiarutdanning eller leiarerfaring, erfaring frå helse-og omsorgstenester og/ eller kjennskap til turnusplanlegging og relenat lov- og avtaleverk.
Personlege eigenskapar:
Me ser etter deg som:
kommuniserer tydeleg, skaper tillit og involverer medarbeidarane.
samarbeider godt, men også arbeider sjølvstendig.
er strukturert og prioriterer i ein travel kvardag.
tek ansvar og står trygt i krevjande situasjonar.
er fleksibel, open for nye arbeidsmåtar og finn praktiske løysingar.
er fagleg interessert og held deg oppdatert.
Personlege eigenskapar og evne til å utøva god leiing vert vektlagde.
Andre opplysningar:
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søkjer du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-07 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
tiltredelse
start date (taking up the post)
kompetanse
competence / skills
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
erfaring
experience
intervju
interview
vitnemål
diploma / transcript
tariff
collective agreement scale
turnus
rotating shift schedule
ansvar
responsibility
du har
you have
norsk
Norwegian
lønn
salary / pay
krav
requirements
søk
apply / search
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Soneleiar Heimetenesta indre sone, Soneleiar Heimetenesta indre sone jobs, Soneleiar Heimetenesta indre sone Vindafjord, jobs in Vindafjord, Vindafjord kommune Heimetenesta jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Vindafjord