Original text in Norwegian, as published by the employer.
Vi søkjer vikarar for fastlegar i fødselspermisjon ved Ølen legekontor og Vindafjord Legesenter i Vindafjord. Vi søkjer to legar med gjennomført LIS1, gjerne spesialistar i allmennmedisin, som ønskjer eit vikariat i eit organisert fagmiljø. Fastlegeheimlane har 950 pasientar kvar. Vikariata varer frå 04.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging.
Om legekontora
Ølen legekontor ligg i Ølen og er eit kommunalt drive legekontor. Her arbeider sju fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og ein sjukepleiar.
Vindafjord Legesenter ligg i Isvik/Skjold og blir drive av SmartLegen. Her arbeider fem fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og sjukepleiarar.
Legekontora er velfungerande og har effektiv pasientflyt, breitt tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg sparring. Praksisane er lagde til rette for høg kvalitet i det allmennmedisinske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Arbeid som fastlege med ansvar for eiga liste.
Kommunale tilsynsoppgåver og eventuelt andre legeoppgåver etter avtale.
Deltaking i legevaktordninga til kommunen.
Kommunen har eiga legevakt, organisert med delt vaktordning. Det blir gitt forhøgd beredskapskompensasjon og fri med lønn påfølgjande yrkedag etter nattevakt, uavhengig av aktivitet.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege.
Gjennomført LIS1 eller turnusteneste.
Gode ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg.
Førarkort klasse B.
Spesialitet i allmennmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og som ein del av eit team, og du har gode samarbeidsevner.
Du tek initiativ, arbeider proaktivt, strukturert og systematisk og er løysingsorientert.
Du møter pasientar med tryggleik og respekt, og du evnar å skape tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale
Velfungerande legekontor med moderne utstyr og erfarent støttepersonell.
Ryddige arbeidsforhold og ein føreseieleg arbeidskvardag.
Gratis parkering.
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.
Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.
Om området
Vindafjord kommune ligg i Rogaland, med kort veg til både by og natur. Området byr på fjord, fjell og gode friluftsmoglegheiter året rundt. Samstundes gjer pendleavstanden til større byar kvardagen fleksibel. Lokalsamfunnet er trygt og aktivt, med gode tilbod til innbyggjarane.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Source: NAV — Arbeidsplassen.no (Norwegian Labour and Welfare Administration) · Retrieved 2026-11-06 · Not affiliated with or endorsed by NAV (the Norwegian Labour and Welfare Administration). Listings are removed from this site when NAV marks them inactive.
The place: Vindafjord is in Rogaland county (508,922 residents, 269,290 jobs by workplace). Read the Rogaland guide →
The field: Health & social care has 3,414 live ads in Norway and 249 in Rogaland county. Where demand is highest →
The niche: “Medical doctor” is niche #7 of 50 by openings (346 ads nationwide). Full niche guide →
Typical pay: the closest SSB occupation group (Medical doctors) averages NOK 103,860 gross per month nationally (Q3 2026). This ad does not state salary. See wages and a net-pay estimate →
What the ad text says (keyword check, not a legal reading)
– Text mostly in English✔ Asks for Norwegian skills– Mentions visa / permit / relocation✔ Mentions authorisation / licence– Mentions remote / hybrid
Norwegian terms found in this ad (quick glossary, not a translation of the ad)
Norwegian
English
lønn etter avtale
salary by agreement
politiattest
police certificate (criminal record check)
autorisasjon
professional authorisation (licence)
vi tilbyr
we offer
samarbeid
cooperation / teamwork
fleksibel
flexible
vikariat
temporary cover (substitute)
intervju
interview
vitnemål
diploma / transcript
tariff
collective agreement scale
ansvar
responsibility
omsorg
care
du har
you have
norsk
Norwegian
lege
medical doctor
krav
requirements
søk
apply / search
Does this salary work here? (estimate)
Type the gross monthly salary you were offered. We apply the 2026 tax rules and subtract an average rent from SSB.
Method: national insurance 7.6%, standard deduction 46% (max NOK 95,700), personal allowance NOK 114,540, ordinary income tax 22% (assumed unchanged; verify), bracket tax 1.7/4.0/13.7/16.8/17.8%. Ignores pension, union fees, deductions, municipal differences and holiday-pay timing. Rent = SSB 2025 survey average, not a current asking price. Food, energy, transport and insurance must still come out of what is left. Not advice.
Vil du vere fastlege i Vindafjord?, Vil du vere fastlege i Vindafjord? jobs, Vil du vere fastlege i Vindafjord? Vindafjord, jobs in Vindafjord, Vindafjord kommune Helse og omsorg jobs, Helse og sosial jobs Norway, stillinger Vindafjord